Hopp til innhold

Driftig innbrotstjuv skal ha gjort 47 brekk på berre ein månad

29-åringen frå Marokko er allereie dømd for meir enn 50 tilfelle av tjuveri og innbrot, snart må han svara for rundt 100 nye innbrot på Haugalandet og i Buskerud.

Tjuven i aksjon

FANGA PÅ VIDEO: Ein viktig del av bevisføringa mot marokkanaren (29) vil bli overvakingsbilete frå Haugesund, politiet har også sikra seg DNA i tillegg til mykje av tjuvegodset.

Mannen frå Marokko, som nå sit fengsla i norske Norgerhaven fengsel i Nederland, er ein av dei mest driftige kriminelle politiet i Haugesund har vore borti.

– Me har aldri hatt ei sikting med så mange forhold på så kort tid. Det er dessutan lenge sidan me har hatt ei meir omfattande sikting, seier Vegard Lauvdahl, som er politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt.

47 innbrot på ein månad

På Haugalandet er 29-åringen sikta for å stå bak 47 innbrot på berre ein månad i slutten av fjoråret. Alle innbrota skjedde medan han var på rømmen frå politiet, etter å ha stukke av frå si eiga rettssak i Jæren tingrett, der han var tiltalt for, du gjetta det sikkert, ei rekke innbrot og grove tjuveri.

Frå før av er han sikta for om lag 50 saker i Buskerud, noko som gjer at han snart må svara for 100 nye innbrot i retten.

– Det er ei veldig spesiell sak, og heldigvis er det sjeldan me ser liknande saker, seier Lauvdahl.

Misnøgd med etterforskinga

Sjølv meiner 29-åringen, som berre erkjenner straffskuld på visse punkt, at politiet jobbar treigt. Det var i desember i fjor han blei teken etter ein stor politiaksjon på Haugalandet. Ventetida på den nye rettssaka er tung seier advokaten hans Tarik Abbou.

– Han har det tungt fordi han ikkje veit kor lenge han skal sona. Han veit at det vil koma ein ny dom i tillegg til den han sonar på nå, seier Abbou, og refererer til dommen på tre og eit halvt år frå Jæren tingrett som han nå sonar på.

Det er Sør-Aust politidistrikt som nå har saka. Der opplyser politiadvokat Birgit Austad at det framleis vil gå ei stund før saka kan sendast over til påtalestyresmaktene.

– Det er naturleg at ei sak av så stort omfang og så stor kompleksitet tek ei stund å etterforska, seier Vegard Lauvdal.

Den sikta har ikkje vore inne til avhøyr, men politiet seier at dei både har DNA, videoovervaking og tjuvegods som knyter 29 åringen til innbrota.

Har framleis tjuvegods

Han fortel at dei framleis har tjuvegods frå Haugaland-innbrota inne på politihuset.

– Me oppfordrar framleis folk til å koma innom oss for å sjå om dei finn noko som er deira. Det er kanskje spesielt tjuvegods frå hytter det er snakk om.