NRK Meny
Normal

Snart har Willy sprunge maraton på alle kontinent

Willy Steinskog frå Ålgård er medlem i ein eksklusiv verdsklubb som har sprunge maraton på alle kontinent – dersom alt går etter planen i Chile søndag.

Nordpolen Maraton

Willy Steinskog elskar å springa maraton. Her frå Nordpolen Maraton i 2013.

Foto: Privat

Tenk deg å springa maraton på Nordpolen 25 i minusgrader, eller i 40 plussgrader i Sahara.

Dei fleste blir nok forfrosne eller gjennomsveitte berre ved tanken. Men ikkje maratonentusiast Willy Steinskog frå Ålgård.

Søndag står han på startstreken til halvmaraton i Santiago i Chile. Fullfører han løpet, er han medlem av den eksklusive verdsklubben Marathon Grand Slam Club.

Klubben tel berre 42 medlemmer på verdsbasis og for å bli tatt opp må du ha sprunge maraton på alle kontinent, i tillegg til Nordpolen

– I starten av 2016 hadde eg fire kontinent igjen og blei utfordra på å ta dei siste. Eg bestemte meg for å trø til og på søndag er eg i mål dersom alt går greitt, sa Steinskog då NRK intervjua han før avreise fredag.

Antarktis Ice Ultramaraton

Frå Antarktis Ice Ultramaraton 100 km i 2014. Steinskog kom på fjerdeplass.

Foto: Privat

Maraton-frelst i vaksen alder

Steinskog er oppvaksen på gard i Dirdal, men bur i dag på Ålgård. Maraton-basillen blei han først biten av i vaksen alder etter å ha fullført Suleskar maraton.

Willy Steinskog

Willy Steinskog før avreise fredag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt så veldig mykje på det, i alle fall ikkje då eg var 40 år. Men då eg blei litt over 40 tenkte eg at eg måtte gjera noko. Dei fleste kjem vel før eller seinare i den alderen kor dei må utfordra seg sjølv. Eg fann ut at springing var noko for meg.

– Er det ein sjukdom?

– Hehe, ja det er ein form for sjukdom. Men det handlar også om å komma seg ut, halda seg i form og den mentale biten. Då det fungerte for meg, hadde eg lyst å utvikla dette.

Beste og verste minne

Det beste maraton-minne har sprekingen frå Ålgård frå Nordpolen i 2013, sjølv om det blei ei kjølig oppleving. Steinskog hamna på bronseplass i løpet.

– Det var heilt fantastisk. Eg tenker tilbake på då eg kom i mål i 32 minusgrader og var ferdig. Det var ein fantastisk natur og heilt klart mi beste oppleving.

Men maraton på alle sju verdskontinent kan sjølvsagt også by på verre opplevingar.

– Den verste opplevinga hadde eg på Sydpolen. Eg fekk frostskadar på alle tær, blei tatt ut av løpet og det var usikkert om eg kunne halda fram. I Sahara var det veldig varmt, eg fekk ikkje næring på slutten og haldt på å svima av, minnest Steinskog.

Sahara Maraton

Bilde frå Sahara Maraton.

Foto: Privat

Kostar pengar

Når Ålgård-buen har fullført løpet søndag, er neste mål sju maraton på sju kontinent – på sju dagar. Det er i alle fall det som er nyttårsforsettet hans.

– Rett nok kostar det litt pengar, men me får sjå. Ein god sponsor vil hjelpa.

Prisen for å gjennomføra dette prosjektet ligg på 350.000 kroner. Det er også det Steinskog reknar med å ha brukt på sju kontinent-prosjektet når han er i mål søndag.

– For nokre opplevingar eg har hatt, så det er verdt kvar ei krone.