NRK Meny
Normal

Snart er vegane sommaropne

Uvanleg mykje snø i vinter har ført til stengde vegar til langt ut i mai, men i dag har Lysebotn fått tilbake vegen for sommarhalvåret. Nå står to vinterstengde vegar i regionen for tur.

Brøytekantar

ARKIVBILETE (29. mai 2014): Slik såg det ut på vegen mellom Sirdal og Lysebotn i fjor på denne tida.

Foto: L.C. Nøttaasen / Flickr

Klokka 09.00 i dag opnar strekningen Sirdal–Lysebotn på fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder, melder Statens vegvesen.

Det er venta at også fylkesveg 337 Brokke – Suleskaren skal opna denne veka. Det skal skje på fredag.

Sist ut er fylkesveg 520 Breiborg – Røldal. Her har det vore så store snømengder at vegvesenet har brukt sprengstoff i brøytearbeidet. Dei reknar med at vegen kan opna i midten av juni.