Hopp til innhold

Snakka med ukjente menn

Siste gong den sakna Zahid Mahmood Butt blei sett, sto han i samtale med to unge menn, på Statoilstasjonen ved Strømsbrua i Stavanger.

Statoilstasjon på Lagårdsveien ved Strømsbrua i Stavanger

Statoilstasjon på Lagårdsveien ved Strømsbrua i Stavanger

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det har gått 16 dagar sidan den 54 år gamle Zahid Mahmood Butt, blei sett i Stavanger.

Svogeren hans, Mirza Ghulam Hussain, var den siste som såg han.

Då hadde Butt henta 101 000 kroner, som  han hadde til gode hos Hussain.

- Eg såg han sto i samtale med to unge menn, truleg i 19-20 års alderen, seier Hussain.

- Var dei to norske eller pakistanske?

- Det kan eg ikkje seie for dei hadde hua på seg og det er eit godt stykke frå der eg sto og bort til Statoilstasjonen.  Men den eine var tynn og den andre kraftigare, og eg trur dei var rundt 20 år gamle.

Gått i dekning

Til tross for at han nettopp  hadde gitt Butt over 100 000 kroner, så trur ikkje svoger Mirza Ghulam Hussain at det har skjedd noko alvorleg med han.

- Eg trur han har hatt ei så tung tid i det siste at han har reist til venner i Oslo eller England eller Pakistan, seier Hussain.