Hopp til innhold

Dette låg gøymd bak i traileren

Då Utrykkingspolitiet bad Tollvesenet om å kontrollere ein utanlandsk trailer fann dei 6000 liter øl.

Ølbeslag
Foto: Tollvesenet

Beslaget skjedde tidlegare denne veka på Tjelta, i Sola.

Det var utrykkingspolitiet som bad tollvesenet om å koma å kontrollere lastebilen, fordi dei mistenkte at han hadde smuglervarer med seg.

Ein litauar i 20-åra køyrde traileren. Han sa til tollarane at han var på veg til Haugesund og Kristiansand med last, men at han ikkje hugsa namnet på tollstaden der han hadde køyrt inn i Noreg.

Han kunne heller ikkje vise fram norske tollpapir, men hevda sjølv at han ikkje hadde noko ulovleg i lasta.

Ølbeslag

STORT BESLAG: Det var i alt 441 brett med øl som var gøymd under den lovlege lasta.

Foto: Tollvesenet

Men inne i traileren fann tollarane sju pallar med øl. Pallane var gøymd under den lovlege lasta.

I alt var det 441 brett med øl i traileren. Det utgjer 230 000 kroner i avgifter til statskassa.

Ølsmuglinga vert handsama av Rogaland politidistrikt.