Smittetrykket aukar i fleire kommunar: – Vi jobbar på spreng for å få oversikt

Stavanger har måndag det høgaste smittetalet sidan 8. januar. – Nå blir det neste døgnet viktig, seier ordføraren.

koronatest i bil

HØGE TAL, IGJEN: I helga blei det registrert 18 og 19 nye smittetilfelle i Stavanger. Måndag hadde talet gått opp til 37. Meir enn 650 personar testa seg i kommunen i går.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

37 personar i Stavanger har fått påvist koronasmitte det siste døgnet. 28 av dei smitta er nærkontaktar. Fire har heilt ukjent smittekjelde, medan fem har usikker smittekjelde.

– Vi jobbar på spreng for å få ein oversikt over situasjonen, og vi driv smittesporing. Vi følgjer utviklinga tett, seier ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap).

Fleire elevar ved ulike skular er smitta.

– Det får den konsekvensen at fleire tilsette og elevar må i karantene. Men smitten fordeler seg mellom ulike aldrar, påpeikar Nordtun.

Kari Nessa Nordtun (Ap), ordfører i Stavanger

Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Stavanger har måndag det høgaste smittetalet sidan 8. januar, då 58 personar blei registrert smitta.

Nordtun planlegg møte med dei andre ordførarane på Nord-Jæren tysdag.

– Smittesituasjonen det neste døgnet blir viktig, seier ho.

– Vi må følgja situasjonen veldig nøye framover. Det er godt mogleg at dette er etterdønningar frå påskeferien, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.

Måndag kveld testa ytterlegare sju personar positivt på korona i Stavanger.

Janne Dahle-Melhus - fylkeslege Rogaland

Janne Dahle-Melhus er fylkeslege i Rogaland.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Høge tal i Eigersund

Også andre kommunar i distriktet ser ei auke i smitta. I Eigersund blei det registrert ni nye smittetilfelle søndag. Åtte av tilfella har ukjent smitteveg.

– Det er alltid bekymringsfullt når det er ukjente smittevegar, og det gjer arbeidet med smittesporing ekstra utfordrande, seier Dahle-Melhus.

Skular og barnehagar går over til raudt nivå frå og med tysdag og ut veka.

Ordførar Odd Stangeland (Ap) likar ikkje dei høge tala.

– Vi er nå i ein situasjon som vi så langt under pandemien har blitt skåna for. Det er første gongen vi har eit lokalt utbrot vi ikkje har klart å kapsla inn med ein gong, seier han.

Odd Stangeland

Ordførar Odd Stangeland (Ap) i Eigersund.

Foto: Eigersund Ap

Det er barn blant dei smitta i kommunen, noko som uroar Stangeland. Både Husabø skole, Rundevoll skole og vaksenopplæringa i kommunen er ramma.

200 personar er i karantene og skal testast i dag. Det er omtrent like mange som vanlegvis blir testa i løpet av ei veke.

– I eit lokalsamfunn som Eigersund er dette veldig stort. Nå er det full skjerpings på smitteverntiltaka, i alle fall denne veka, seier Stangeland.

Haugalandet opnar meir opp

Fredag melde Hå kommune om elleve nye smittetilfelle. I løpet av helga har tre nye personar testa positivt. Kommunen tilrår nå at alle arrangement for barn og unge blir avlyst, fram til måndag 19. april.

I Haugesund er det registrert ti nye smittetilfelle siste døgn. Det er det høgaste sidan 30. mars, då kommunen strevde med eit stort utbrot.

Likevel opnar dei litt meir opp, og frå og med måndag er det dei nasjonale smitteverntiltaka som gjeld på Haugalandet. Det betyr mellom anna at butikkar og treningssenter kan opna igjen.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 10.05.2021
2 839
Smittede siste 7 dager
117
Innlagte
767
Døde
1 485 659
Vaksinerte