Hopp til innhold

Smittetala halvert i Stavanger-området

Koronasmitten går kraftig ned på Nord-Jæren etter fleire dagar med høgt smittetrykk. – Gir håp, seier kommuneoverlege.

Testing av Covid-19

– Smittetala varierer dag for dag, men det er all grunn til å håpa at smitten flatar ut, seier vikarierande kommuneoverlege i Sandnes, Svein Henning Haarr.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

14 personar har testa positivt for koronavirus i Stavanger kommune siste døgn.

Det er meir enn ei halvering frå døgnet før då 32 personar testa positivt. Ein må tilbake til måndag for å finna lågare smittetal.

Også i nabokommunen Sandnes er smittetala meir enn halvert siste døgn. Seks har testa positivt, mot 13 førre døgn.

Sola kommune melder om tre nye smittetilfelle siste døgn, Randaberg kommune har ingen.

Kommuneoverlege: – Gir håp

Det er gledeleg nytt etter dagar med svært høgt smittetrykk i regionen.

Svein Henning Haarr

Vikarierande kommuneoverlege i Sandnes, Svein Henning Haarr.

Foto: NRK

Tidlegare i veka skjedde kvart fjerde nye smittetilfelle i landet i Rogaland, og i går blei dei lokale smitteverntiltaka stramma inn på Nord-Jæren.

Vikarierande kommuneoverlege i Sandnes, Svein Henning Haarr, seier det gir håp at smittetala går ned i fleire kommunar i regionen.

– Smittetala varierer dag for dag, men det er all grunn til å håpa at smitten flatar ut, seier han til NRK laurdag føremiddag.

– Men det bør vel gå litt tid før ein kan trekka skikkelege konklusjonar?

– Ja, me tenker trendar over ei til tre veker, meir enn enkeltdagar. Derfor er det for tidleg å trekka konklusjonar ennå, seier Haarr.

Stigande treng i landet

Det siste døgnet er det registrert 141 koronasmitta i Noreg. Det er 56 færre enn same dag i førre veke.

I Oslo er det registrert 22 nye tilfelle siste døgn. Det er 22 færre enn same dag i førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 188 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 174, så trenden er stigande.

Ved midnatt natt til laurdag var det utført 6 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.