Hopp til innhold

97 smitta etter utbrotet blant russ. – Eg synest det var ein litt «tolk-sjølv»-situasjon

På fem dagar har heile 91 russ og seks nærkontaktar blitt smitta av covid-19.

Russefeiring på Mekjarvik

Feiringa er sett på vent etter at russen har brote anbefalingar om å halde avstand og avgrense nærkontaktar. På ei ferjekai i Rogaland var opp mot 500 russ samla i helga.

Foto: Per Thime / Randaberg24

Russegutane Runar Fjermestad, Matias Botne, Marcus Botne og Ola Voll sit saman i ei leilegheit i Sandnes. Klokka 13 har dei akkurat stått opp. Dagen skal gå til Netflix. Ei strøymeteneste dei snart har runda.

Russ i karantene. Matias Botne, Marcus Botne, Ola Voll og Runar Fjermestad

Russegutane Matias Botne, Marcus Botne, Ola Voll og Runar Fjermestad er glade for at dei får vere i karantene saman.

Foto: privat

– Og så plagar me kvarandre ein del, flirer dei.

Dei kjem alle frå same russebuss, og har fått lov av kommuneoverlegen til å vere i karantene saman. På den måten set dei ikkje familiane i fare.

– Det er mykje meir gøy å vere i karantene saman enn om me skulle ha vore heilt åleine. Det er ei heilt eiga kjensle, forklarar dei.

Måndag kveld kom nyheita om seks smitta russ i Rogaland, og sidan har tala auka kraftig. Fredag er heile 91 russ smitta, og dei er fordelt på åtte kommunar.

– Denne smitten er forventa. Så lenge det er nærkontaktar i karantene så bekymrar det oss mindre enn viss det kjem villsmitte, seier kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik.

Får inga straff

Fjermestad meiner dei følgde råda frå FHI og reglane rundt russefeiringa, men at dei sakna nokre klårare reglar.

– Eg synest det var ein litt «tolk-sjølv»-situasjon. Så var det vanskeleg å halde på desse råda då me stansa og andre folk begynte å kome inn i bussane.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak, seier at ho og politiet sa klart ifrå kva som ikkje var lov.

– Men det er ikkje smart å berre følgje det som ikkje er lov. Me har ikkje anledning til å seie at det ikkje er lov å samle seg, men me kan seie at det ikkje er smart.

Arrangementsforbodet som gjaldt på Nord-Jæren førre helg ramma ikkje «rullinga». Men dei andre råda vart heller ikkje overhalde, seier ho.

– Eg trur russen sjølv no har sett kor store konsekvensar det har å samle seg fleire enn det er anbefalt, og møtast på tvers av skular og russegrupper, seier Chesak.

Men ingen russ vil bli straffa for brot på smittevernreglane etter russefestane.

– Ut frå ein totalvurdering har me kome fram til at dette ikkje er hensiktsmessig, seier politiinspektør Sigve Espeland.

Uheldig og tilfeldig

Russefeiringa er i gong over heile landet. I Mandal vart ein russ smitta, og 600 måtte i karantene. Men elles verkar det som at russefeiringa har gått greitt føre seg. Bortsett frå i Rogaland.

Kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik

Kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik, meiner dei har god kontroll på russesmitten. Likevel bekymrar dei seg for at det kan dukke opp smitte utanfor russemiljøet.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Torvik meiner det er tilfeldig og uheldig.

– Det har vore mellom fem og ti som har tatt med seg lette symptom inn i bussane, og ikkje trudd det var covid-19. Det har vore dårleg ventilasjon, og då treng du ikkje meir enn eit kvarter inne i bussen for å bli smitta.

Han trur smitten kan ha nådd toppen før helga, og meiner dei har god kontroll.

– Smitten kjem frå ei avgrensa gruppe, så me treng ikkje å vere meir bekymra no enn tidlegare, seier Torvik.

Feiring sett på pause

Russen har sjølv sett russetida på pause, samstundes som dei testar seg og er i karantene. Håpet er å få litt russetid seinare, under kontrollerte forhold.

Pernille Braut Tjåland

Russepresident ved Bryne vgs., Pernille Braut Tjåland, håper folk forstår at det berre er russen som får bli med ut å «rulle» seinare.

Foto: Privat

– Me ventar med all «rulling» fram til 13. mai, og ser korleis situasjonen er då. Me håper me kan samle oss i mindre grupper, utan å ha med folk som ikkje er russ, seier Pernille Braut Tjåland som er russepresident ved Bryne vidaregåande skule.

Nord-Jæren har levd med strenge lokale smitteverntiltak sidan 16. april. Og sjølv om smitten eksploderte kraftig torsdag, så bestemte ordførarane seg for å gå over til nasjonale tiltak.