Hopp til innhold

Smittefare for Haugesundslag

Ein ung fotballspelar er smitta av svineinfluensa i Gothia Cup i Gøteborg. Haugar, Djerv 1919 og Vard har alle lag med i turneringa.

Gothia cup

Frå åpningsermonien til Gothia Cup

Foto: YouTube

- Dette er heilt nytt for meg og heller ikkje lagleiarane i Gøteborg har høyrt om dette. Det seier Torgeir Hellesen, ungdomsleiar i Sportsklubben Vard i Haugesund.

Les også: Svineinfluensa på Gothia cup

Omlag klokka 21.45, tysdag kveld, stadfestar han at dei har to 15-års gutelag med i turneringa.

- Det er likevel ingen ting som foreløpig tyder på at dette får konsekvensar for Vard-laga si deltaking i turneringa, seier Hellesen.

Utforbi fare

Den unge fotballspelaren, som er smitta, er nå utanfor fare og på bedringens vei, seier smittevernslege Per Folling til NRK.

Ingen andre spelarar på same laget viser teikn til å ha blitt smitta.

Mellom 30 og 40 000 unge fotballspelarar er samle i Gothia Cup i Sverige. I tillegg til Vard, har også Haugesundsklubbane Haugar og Djerv 1919 påmeldte lag i turneringa.