Hopp til innhold

Smertefri flytteprosess for sjeldan blome

Ein sjeldan og truga orkidé måtte på flyttefot i mars på grunn av Ryfast. Nå trivst plantene i sin nye heim på Mostun.

Kjellaug og Cecilie

Kjellaug Bødalen (t.v.) og Cecilie Notø i Naturvernforbundet studerer dei sjeldne orkideane som veks på Mostun.

Foto: Magnus Stokka

– Eg har sykla forbi her så mange gonger og lurt på kva dette er, så nå tenkte eg at eg endeleg måtte få svaret, seier Kjellaug Bødalen.

Den blomsterinteresserte dama parkerer sykkelen sin utanfor Mostun natursenter ved Mosvatnet i Stavanger. Eit skilt fortel om ein sjeldan orkidé som veks innføre ein liten tregarde.

– Eg visst ikkje at den var truga. Det er veldig bra at dei tar var på den, seier dama på sykkelen.

  • Høyr radiosaka om korleis det går med orkideane på Mostun:

Spirer og gror

Cecilie Notø

Cecilie Notø i Naturvernforbundet.

Foto: Magnus Stokka

Orkideen Purpurmarihånd er ikkje lett å få auga på blant alt det grøne i tregarden. Men naturrettleiar i Naturvernforbundet, Cecilie Notø, fortel at flytteprosessen har gått bra.

I starten av mars blei nemleg den raudlista orkideen flytta frå midtrabatten på motorvegen til tryggare jord på Mostun.

– Det ser ut som at dei trivst greitt her. Det er ein fleirårig urte som kjem igjen og igjen, og dei har i alle fall overlevd vinteren og ferda frå midtrabatten, seier Notø.

– Har dei det betre her enn i midtrabatten på motorvegen?

– Det er vanskeleg å seia, men dei har det i alle fall ikkje verre. Dei har begynt å spira og det er eit godt teikn.

Får stå i fred

Purpurmarihånd

Førebels består orkideane berre av små grøne blad, men snart slår dei ut i full blomst.

Foto: Magnus Stokka

Helst skulle nok dei sjeldne orkideane slått rot bak sanddynene på Jærstrendene, der plantene trivst best. Men Mostun er trass alt betre enn ein motorveg som må tala stadig nye inngrep på grunn av Ryfast-bygginga.

– Får plantene stå i fred på Mostun?

– Det trur eg absolutt. Nå har dei eit fint og solid gjerde rundt seg, og mange av dei som går her er opptatt av naturen og synst dette er fint og spanande.

Endå meir spanande blir det nok for folk i juni og juli når orkideane blømer. Då får dei ein flott lilla farge, ifølge Notø.

Blomsterinteresserte Kjellaug på sykkelen synst det er bra at truga artar blir tatt vare på – og kjem gjerne tilbake seinare i sommar.

– Eg vil komma tilbake og sjå når det blømer. Det blir nok flott. Kanskje må eg til og med ta med fotoapparatet, ler ho.