Hopp til innhold

Sluttspelet i fare for Randaberg

Etter tapet mot NTNUI laurdag ettermiddag, kan det bli vanskeleg for herrelaget til Randaberg å nå sluttspelet i volleyballserien.

Randaberg sitt herrelag i volleyball tapte 1-3 mot Trondheimsstudentane

Randaberg sitt herrelag i volleyball tapte 1-3 mot Trondheimsstudentane. Tony Zylstra prøver å skaffe poeng til Randaberg.

Foto: randabergvolley.no

Det blei ein tett og hard kamp mellom Randaberg sitt herrelag og Trondheimsstudentane.

Randaberg sikra seg første sett, men deretter tapte dei tre sett på rappen.

Randaberg - NTNUI 1-3 (25-22, 24-26, 21-25, 24-26)

Kamp om sluttspelet

Randaberg låg eitt poeng bak NTNUI på tabellen før heimekampen laurdag ettermiddag. Med siger hadde laget passert motstandarden og hatt sluttspelplassen i sikte.

I staden får Randaberg to svært tøffe bortekampar mot Førde og Nyborg neste helg, som ein siste sjanse til å koma til sluttspelet.

Rune Berg på Randaberg volley i kamp mot Trondheimsstudentane

Rune Berg, på Randaberg volley, i kamp mot Trondheimsstudentane, NTNUI.

Foto: randabergvolley.no

Må få fram entusiasmen

– Prestasjonar og innsats i laget varierer for mykje, slår trenar Brent De Bleser fast etter kampen.

– Når me leiar kampen, så er innsatsen til spelarane god. Dei sprudlar og spelar på eit høgt nivå. Men når me kjem bakpå, så forsvinn entusiasmen i spelet vårt, seier De Bleser.