Hopp til innhold

Slutt på oblatklistremerke på bilen

Nå treng du ikkje lenger tenka på å festa nye oblatklistremerke på bilen din. Betre kontrollrutinar gjer ordninga unødvendig.

Oblat

Frå og med 1. mai er det slutt på ordninga med oblatklistremerke på bilane. Gamle oblat kan fjernast frå same dato.

Frå og med 1. mai er det slutt på ordninga med oblat på skilta til norskregistrerte køyretøy.

Det betyr at kontrollmerka som viser at du køyrer lovleg på norske vegar, ikkje lenger blir sendt ut til bilistane.

Nye metodar

Oblatane har vore utdatert dei siste åra, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegvesenet har nå utvikla nye metor for å kontrollera køyretøya. Det gjer oblatane overflødige og gjer at vegvesenet sparer 20 millionar kroner på at denne postutsendinga nå stansar.

– Dei nye kontrollmetodane er meir målretta og betre enn tidlegare. Med
moderne teknologi klarer me å identifisera køyretøy det er noko gale med og kontrollera desse, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Turid Hinna.

Kan fjerna gamle oblat

Mange vil nok gjennom sommaren lura på kvifor oblatane ikkje kjem i posten. Men det er altså ingen tvil; ordninga er avvikla.

– Bodskapen vår til alle er: Du treng ikkje ringa oss og lura, oblatane kjem ikkje, seier Hinna.

Alle som ønskjer det kan fjerna dei gamle oblatane på skilta sine frå 1. mai.