Hopp til innhold

Slutt på 17 år lang julelystradisjon i Stavanger

Julelysa på Ullandhaugtårnet i Stavanger har skapt julestemning sidan 2001, men nå er det slutt. Trist, synest jenta som hadde ideen då ho var fem år.

Ullandhaugtårnet med julelys

Slik ser det ut når Ullandhaugtårnet i Stavanger er pryda med julelys. Etter 17 år har mange i regionen fått eit forhold til lysa.

Foto: Viggo Johansen

– Me har bestemt oss for å ikkje halda fram med julelys på Ullandhaug. Årsaka er at det er ei ressurskrevjande og kostbar oppgåve, skriv informasjonssjef Magnus Line i Telenor, til NRK.

Telenor er selskapet bak julelysordninga.

Det var i november 2001 ordføraren i Stavanger fekk brev frå Anja Ariel Tørnes Brekka. Ho var fem år og skulle så gjerne sett at det var lys på Ullandhaugtårnet.

Ordføraren tok kontakt med Telenor. Dei synst det var ein lys idé, og same år blei julelysa tent for første gong.

Lysa blir øydelagde

Tårnet, som ragar 199 meter over havet, er synleg både på Jæren og i Ryfylke. Dermed har lysa skapt julestemning for tusenvis.

Kristoffer Henriksen, Rønning Elektro henger opp julelysene på Ullandhaugtårnet

Her heng Kristoffer Henriksen opp julelysa på Ullandhaugtårnet i fjor. Frå i år er tradisjonen slutt.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Vind og ising øydelegg lysa, og me må derfor kjøpa nye lys omtrent annakvart år. I år kunne me ikkje bruka lysa frå i fjor. Då meiner me tida er moden for å slutta, opplyser Line i Telenor.

Sjå innslaget frå 2001, den gongen lysa på Ullandhaugtårnet blei tent for første gong. Anja Ariel Tørnes Brekke hadde ideen først.

VIDEO: Sjå innslaget frå 2001, då Anja Ariel Tørnes Brekke var fem år og fekk tenna lysa på Ullandhaugtårnet for første gong.

Den fem år gamle jenta er i dag 22 og bur i Tromsø. I 2011 gleda ho seg over tiårsjubileet for lysa. I dag er Anja Ariel Tørnes Brekke lei seg.

– Så trist, er hennar første reaksjon når NRK fortel henne nyheita.

– Men eg skjønner jo at det alltid har vore eit overskotsprosjekt. Samtidig er det jo viktig med ting som kan lysa opp kvardagen litt.

Ho håpar difor at Stavanger vil stilla opp og likevel sikra julelysa.

Anja Ariel Tørnes Brekke

Anja Ariel Tørnes Brekke er i dag 22 år gammal.

Foto: Rød Ungdom

– Telenor kan jo starta ein innsamlingsaksjon, og slik kan lysa bli finansierte i fellesskap. Eg er med, seier ho.

Folk reagerer på mørklagt tårn

Turgåarar NRK trefte ved Ullandhaugtårnet laurdag reagerte ganske likt Tørnes Brekke.

– Det er litt trist at tradisjonen er slutt. Det har vore eit lysglimt på veg til jobb når det er mørkt og trist, seier Nora Koksvik.

Ullandhaugtårnet

Folk i og rundt Stavanger må finna seg i å sjå Ullandhaugtårnet slik til jul i år – utan lys.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Eg synst det litt dumt at det ikkje lenger blir lys. Me bur i Sandnes og ser lysa derfrå. Det synst eg er flott, seier Emil Bruun-Olsen.

Marte Aasen er fersk student i Stavanger og hadde sett fram til julelysa i desember.

– Folk har sagt at lysa var fine, og heile kollektivet har gleda seg til dei skulle bli tent. Det er litt skuffande at det ikkje skjer.

Magnus Line

Magnus Line, informasjonssjef i Telenor.

Foto: Martin Fjellanger/Telenor

Telenor forstår at folk i Stavanger reagerer.

– Me har forsøkt tidlegare å få med oss både kommunen og andre aktørar til å bidra i ein dugnad knytt til julelysa på Ullandhaug. Dessverre har ingen meldt sin interesse for å vera med, opplyser informasjonssjef Magnus Line i Telenor.

Ifølgje Line hadde det kosta mellom 100.000 og 150.000 kroner å ha lys på Ullandhaugtårnet i år, alt etter kor mange lyspærer som kan bli brukte på ny.

VIDEO: I år blir det ikkje julelys på Ullandhaugtårnet i Stavanger.