NRK Meny

Slo til taxisjåfør

Litt før klokka ti fekk politiet melding om at ein taxisjåfør på Forus hadde to vanskelege kundar i bilen. Ein av dei skal ha slått til sjåføren. Då politiet kom til staden, prøvde den eine personen å stikka av. Men han blei teken av politiet, og begge er sett i arresten. Politiet har også funne mindre mengder med narkotika.