NRK Meny
Normal

Slik vil Oilers sikra «the double»

Trenar Petter Thorsen lovar at Stavanger Oilers ikkje skal sleppa seg nedpå, trass i at dei har avgjort eliteserien i ishockey.

Thoresen

Oilers-trenar Petter Thoresen vil ikkje la spelarane sleppa seg nedpå etter seriegullet.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Eg er veldig opptatt av at me skal nyta seriemeisterskapet i nokre dagar, men så må me sjå framover, seier Thoresen.

Med tre seriekampar igjen, er det allereie klart at Oilers får gullet. Det blei avgjort då laget slo Storhamar 2–1 på heimebane laurdag.

– Me har jobba for dette i fleire år, så det er veldig kjekt at me klarte det, seier trenaren.

Vil krevja at spelarane presterer dei siste kampane

To dagar etter seiersfesten er Thoresen likevel mest opptatt av å snakke om neste mål. Førstkomande torsdag møter laget Kongsvinger på bortebane, før Vålerenga og Lørenskog står for tur.

– Me skal helst vinna dei tre kampane. Spelarane må prestera og vera konsentrerte. Viss ikkje kan me enda opp med skadar, eller få dårleg sjølvtillit inn mot sluttspelet, seier Thoresen.

Og det er det neste store målet for Oilers. For når serien er ferdig spelt, ventar kampen om den gjeve kongepokalen i NM.

– Målet vårt er sjølvsagt å vinna også her, men mykje må gjerast riktig for å få dette til. Det er mange andre lag som har lyst på den tittelen, seier Thoresen.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Oilers feirer gullet

Oilers sikra gullet på heimebane laurdag, og fekk feira saman med fansen.

Stjernen truleg motstandar i sluttspelet

– Jobben min nå er å sørga for at spelarane ikkje berre lener seg tilbake, og er fornøgde med prestasjonane sine. Det høge nivået må halde også dei siste 20–25 kampane, legg han til.

Tittelen som seriemeister, fører også med seg fleire gode for Stavanger-laget. Mellom anna får dei sjølv velja motstandar til kvartfinalen i sluttspelet.

– Det er ikkje eg som tek den avgjerda, men det ligg vel an til å bli Stjernen. Men uansett kven det blir, er dei uheldige dei som får oss i kvartfinalen.

Oilers er også sikra plass i Champions Hockey League.

– Det er sjølvsagt svært viktig. Det er lærerikt for spelarar, trenarar og ikkje minst klubben å få vera med å spela mot dei beste i Europa, seier Thoresen.

Sjå Thoresen i dagens TV-sending:

Trenar Petter Thorsen lovar at Stavanger Oilers ikkje skal sleppa seg nedpå, trass i at dei har avgjort eliteserien i ishockey.

VIDEO: Petter Thoresen om seriegullet og vegen vidare i dagens nyheitssending hos NRK Rogaland. Programvert er Inger Johanne Stenberg.