Hopp til innhold

Slik vil dei lokke folk til Bryne sentrum

Hovudgata på Bryne har lenge slite med tomme lokale og få besøkande. No skal den friskast opp for å skapa liv i sentrum.

Planer for Bryne sentrum

Slik kan det sjå ut når Storgata blir til gågate.

Foto: ARC arkitektur

– Det skal bli grønt i gatene, opphaldsplassar, og le for vinden. Dette skal bli den nye destinasjon Bryne, og den føretrekte staden å opphalda seg, seier leiar for Brynebyen, Christian Stabel.

Det manglar ikkje på ambisjonane for kva Storgata på Bryne kan bli, men i dag tiltrekkar ikkje hovudgata dei store folkemengdene.

Det vil både grunneigarane og politikarane gjera noko med.

Det har allereie blitt vedteke i kommunestyret i Time at Storgata skal bli ei gågate. No handlar det om å gjera gata spanande å koma til.

– Det er ikkje nok å setta opp to skilt med innkøyring forbode. Det er mykje meir som må på plass for at det skal bli ein realitet, og berekraftig, seier Stabel.

Slik vil dei endra Storgata

På Bykonferansen på Bryne i dag, presenterte arkitektar frå ARC arkitektur, deira forslag til kva som kan gjerast med dei 450 metrane mellom M44 og jernbanen.

Her er nokre av forslaga:

  • Bilane skal vekk
  • Glastak i delar av gata
  • Nytt vegdekke
  • Tiltrekkande gatebelysning
  • Grøntområde og blomar
  • Sitteplassar
  • Butikkar med særpreg
  • Det jærske treet – kunstige tre som gir ly for vinden
  • Betre framkomst frå M44 over til Storgata
Bryne-tre

Slike kunstige tre ynskjer arkitektane å plassera langs heile Storgata.

Foto: ARC Arkitektur

Positive til planane

Nokre av dei som har gjort suksess i Storgata er innehavarane av kafeen Kjøkkenet. Kari Haug Hansen er positiv til planen.

– Dersom planane blir realiserte, så trur eg det kan bli veldig mykje betre.

– Det er jo ein draum for oss som allereie driv ein kafé her, å få så mykje flott servert. Eg håpar at også andre ser kor flott det blir, og kjem hit og blir med på å skapa liv, seier Hansen.

Treng ekstra løyvingar

Det er førebels uklart når dette kan bli ein realitet, for politikarane må løyve pengar til prosjektet. Men Stabel håpar det skjer endringar innan få år.

– Me er i alle fall i gong med å marknadsføra Bryne som ein framtidige plass å etablera seg, og å vera. Og så må me venta på løyvingar frå politikarane.

– Når trur du Storgata har blitt til ei gågate?

– Eg håpar så fort som mogleg, men eg trur at rundt 2020 så er det veldig flott her, avsluttar Stabel.