Hopp til innhold

Slik var natta for lovens lange arm

Det vart nok ein fredagskveld med vald, narkotika og fyllekøyring rundt om kring i Rogaland.

Laurdag morgon er politiloggen normalt sett ganske full av hendingar som skjedde i løpet av natta. Denne morgonen var ikkje noko unntak.

Nøtteknekkar i Haugesund sentrum

Klokka 22.18 vart ein 18 år gamal mann fotgjengar, etter å ha sust forbi UP i 130 kilometer i timen i 80-sona på E39 i Bjerkreim. Mannen fekk ha førarkortet sitt i dryge to månader.

I Haugesund vart ein 19-åring meldt for ei rekke brot på vegtrafikklova, blant anna for ikkje å stoppa for politiet, for høg fart og køyring utan gyldig førarkort.

Klokka to i natt vart ein mann arrestert i Haugesund, mistenkt for bruk av anabole steroidar. Mannen var også etterlyst for soning av dom.

15 minutt seinare vart ei kvinne i 20-åra politimeld for vald mot tenestemann. Ho prøvde å sparka politimannen i skrittet, og klorte også betjenten. Kvinna måtte fullføra resten av kveldens førestilling av Nøtteknekkaren i arresten, åleine.

Laster Twitter-innhold

Halv tre vart ein mann i tenåra arrestert, etter at han tok kvelartak på ei dame inne i ein gang i eit leilegheitskompleks. Mannen var rusa.

På Randaberg vart ein mann arrestert, mistenkt for familievald. Då politiet kom til huset fann dei både ei knust glasrute og fleire knuste gjenstandar.

Kvinne slått av ukjend mann og politimann skadd

Rundt midnatt vart ein mann politimeld for urinering i Haakon VII gate i Stavanger sentrum. Politiet oppfordrar til å gjere det litt meir diskré€ dersom ein må tre av på naturens vegner.

Laster Twitter-innhold

I Eigersund sentrum vart ein mann stoppa av politiet, mistenkt for køyring i rusa tilstand. Mannen fekk førarkortet beslaglagd.

Klokka eitt vart ei kvinne slått i ansiktet av ein ukjend mann i Stavanger. Ho vart frakta til SUS med ambulanse, han stakk av. Politiet har ikkje arrestert nokon for ugjerninga endå.

Ein politimann vart skadd i eit basketak med ein krakilsk mann i Stavanger sentrum klokka 2 i natt. Politiet måtte bruka peparspray for å få kontroll over situasjonen. Mannen blir meldt for fleire forhold.

Ein taxisjåfør vart angripen av ein rusa mann i Stavanger like før klokka fire i natt. Sjåføren svara med å køyra mannen rett til politihuset, der mannen vart plassert i arresten.

På Bryne vart ein mann lettare skada i ein slåstkamp litt etter klokka to. Mannen melder sjølv saka til politiet.