NRK Meny
Normal

Slik unngår du soppfella

Vær obs om du skal på sopptur. Den kvite flugesoppen florerer og kan lett forvekslast med sjampinjong.

Hvit fluesopp

Den kvite flugesoppen er så giftig at Anne Lise Tyssebotn Gjesdal pakkar den inn i papir for å sleppa å ta på den. Dei tre raude korsa på lappen symboliserer at soppen i verste fall er dødeleg.

Konsekvensane kan bli store om du plukkar med deg feil sopp.

Fleire er den siste tida innlagde på sjukehus med soppforgifting, og Oslo Universitetssjukehus har aldri fått inn så mange pasientar på så kort tid før.

Måndag blei mellom anna fem person innlagde på sjukehus i Gjøvik etter å ha ete kvit flugesopp.

Soppregel

50 arter

På soppkurset blir 50 soppartar presenterte, 49 av dei plukka i Rogaland.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal arrangerer soppkurs i Gjesdal. Ho har 50 ulike soppartar utstilte, 49 av dei er plukka i Rogaland.

Ho kjem med denne hovudregelen til soppglade nordmenn.

– Aldri et noko du ikkje er heilt sikker på kva er. Hadde alle levd etter den regelen, hadde aldri nokon blitt soppforgifta, seier ho.

Soppentusiasten seier dei aller fleste soppforgiftingane skjer fordi folk et noko giftig, men trur dei et noko anna.

Slørsopp

Dersom du er redd for å plukka giftig sopp bør du halda deg unna sopp med mørke fargar under soppen, som denne Slørsoppen.

Og det kan vera lett å forveksla giftig sopp med matsopp. Her i landet forvekslar mange kvit flugesopp med sjampinjong.

– Eg har pakka inn den kvite flugesoppen eg har på kurset og har sett tre kors på den. Den er definitivt dødeleg giftig. Ein liten terning på storleik med ein sukkerbit er dødeleg dose for eit vakse menneske.

Blitt kontakta 400 gonger

Folk frå minoritetsgrupper har vore overrepresentert når det gjeld alvorleg soppforgiftningar dei siste åra, ifølge Giftinformasjonen.

Så langt i år har Giftinformasjonen blitt kontakta meir enn 400 gonger om sopp.

Det er ei auke på 15 prosent samanlikna med snittet for same periode dei siste ni åra.

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal arrangerer soppkurs og er soppkontrollør.

Foto: Hanne Høyland / NRK