Normal

Slik sikrar du huset ditt mot juleinnbrot

Innbrotsbølga som har herja Rogaland i haust har lagt seg, men faren er ikkje over, ifølge politiet. Her får du tips til korleis du kan sikra bustanden før du drar på juleferie.

Innbrudd på Bryne stadion

Politiet seier innbrotsbølga i Rogaland har lagt seg, men utelukkar ikkje ei ny bølge. Dette er frå innbrot på Bryne stadion tidlegare i haust.

Foto: Bryne FK

Totalt har det skjedd 50–60 bustadinnbrot frå Eigersund i sør til Jørpeland i nord i løpet av hausten, viser den siste oppteljinga frå politiet.

Tjuvane har gått etter verdifulle varer som sølvtøy, gull og smykke.

Det siste grove tjuveriet, i det som gjerne blir kategorisert som villainnbrot, skjedde på Bryne 12. desember.

– Dette betyr at innbrotsbølga har stoppa opp, i alle fall foreløpig, seier politioverbetjent Bjørn A. Søyland ved Time lensmannskontor.

Kraftig tilbakegang

Bjørn A. Søyland

Politioverbetjent Bjørn A. Søyland ved Time lensmannskontor.

Foto: Magnus Stokka

Jan Olav Våge er etterforskingsleiar ved Hå lensmannskontor, og han leiar etterforskingsgruppa som dei siste månadane har etterforska dei mange innbrota.

– Gull- og sølvinnbrot har gått kraftig tilbake i desember. Me ser at slike innbrotsbølgjer toppar seg før dei går ned igjen. Men me ser ikkje bort frå at tjuvane slår til igjen, seier Våge.

– Kva er det som gjer at dette har stoppa opp, Søyland?

– Det kan vera mange grunnar til det. Ein grunn kan vera at dei som står bak innbrota har flytta til eit anna distrikt eller ut av landet, seier Søyland.

Tjuvane kan ha tatt tidleg juleferie

Tjuvane bak innbrotsbølga kan også vera tatt, utan at politiet vil seia noko sikkert om det. Ei gruppe frå Litauen er nå varetekstfengsla, sikta for heleri etter å ha stole klede på MX Sport på Varhaug to gonger.

Over nyttår blir det nytt fengslingsmøte der politiet vil be om utvida varetekt, og gruppa blir sjekka opp mot andre innbrot i distriktet.

Også ei anna gruppe frå Aust-Europa er under etterforsking og blir sjekka opp mot innbrotsbølga.

Ein annan teori er at tjuvane rett og slett har tatt seg ein tidleg juleferie.

– Me kan ikkje sjå bort frå noko som helst. Det er tenkeleg at dei har tatt ferie. Me kan heller ikkje sjå bort frå ei ny innbrotsbølge, seier Søyland.

Råd frå politiet

Om ikkje tjuvane har tatt ferie, er det i alle fall mange av oss andre som nå tar fleire dagar med jule- og nyttårsfri.

Her kjem politioverbetjent Søyland og etterforskingsleiar Våge med sine tips til korleis du kan unngå tjuvar på besøk i huset ditt i juleferien:

  • Ver ekstra på vakt for mistenkelege bilar eller folk i nabolaget.
  • Be naboar eller venner sjå ekstra til huset dersom du reiser bort (viktig for politiet å vita mest mogleg nøyaktig når innbrota skjer).
  • Ta inn søppelduken og tømm postkassen.
  • Ha på utelys slik at bustaden ikkje ser forlaten ut.
  • Sikra gjenstandar som kan bli stolne.
  • Bruk og aktiver bustadalarmen dersom du har det (politiet understrekar at alarm ikkje er nokon garanti mot innbrot).

Flere nyheter fra Rogaland

Ekstremværet Knud.

«Knud» slo ut nødnettet: – Det er en skandale

Allerede i 2016 viste det seg at nødnettet var sårbart for strømbrudd. Myndighetene lovet bedring, men likevel klappet det sammen under uværet i helgen.