Hopp til innhold

Slik shoppar me i Rogaland

Rogalendingane held framleis ein knapp på tradisjonell handel i butikkane framføre netthandel.

Shopping i Stavanger

Eitt av dei mange utstillingsvindaugo i Stavanger sentrum. Kjøp av klede og sko i butikkar stå nærmast på staden kvil, men på internett rasar klede- og skosalet.

Foto: Carsten aus Bonn / Flickr

Nordmenn handlar generelt meir viser varehandelsrapporten for 2014, som er utarbeida av Asplan Viak på oppdrag frå Sparebank 1 SR-bank. På Sør-Vestlandet er det Rogaland som har hatt den største veksten i handel.

– Med ei samla vekst på 33,6 milliardar kroner i årsomsetnad var veksten i Rogaland på 2,6 prosent i 2003. I Hordaland er den 1,8 prosent, Aust-Agder 1 prosent og Vest-Agder 1,8 prosent, står det i rapporten.

Dårlege tider for klede og sko

Og det er daglegvarene som står for brorparten av pengesluket. Berre i Rogaland brukte me meir enn 14 milliardar kroner på daglegvarebutikkane i fjor.

Det er handelen av klede, sko, tekstilar, møblar og elektro som aukar aller minst.

Netthandelen i Rogaland er beskjeden i forhold til andre delar av landet. Faktisk brukar me mindre pengar på klede og sko på internett nå enn for eitt år sidan, den går ned heile 13 prosent.

Ikkje opptekne av netthandel

I analysen kjem det fram at varehandelen i Rogaland ikkje ser ut til å vera spesielt opptekne av netthandel.

– Handel via internett har hatt ein vekst på 3,6 prosent i Rogaland det siste året, samanlikna med 8 prosent nasjonalt. Rogaland er eit lite fylke når det gjeld netthandel, med ein samla omsetnad på 456 millionar frå butikkar med hovudomsetnaden på nett, står det i rapporten.

Her kan du sjå kor mykje pengar me bruker på ulike varegrupper i Rogaland:

Varehandel i Rogaland

 

2012

2013

Vekst 2013

Nasjonal vekst

Detaljvaregruppe

32,844,986

33,682,761

2.6 %

2.2 %

Dagligvarer

13,993,474

14,441,828

3.2 %

3.1 %

Klær, tekstiler og skotøy

3,776,097

3,805,631

0.8 %

0.1 %

Annen utvalgshandel

4,281,327

4,439,813

3.7 %

2.1 %

Sportsutstyr, spill og leker

1,466,088

1,473,487

0.5 %

2.2 %

Interiør m.m

1,843,681

1,876,017

1.8 %

2.2 %

Jernvarer, fargevarer og andre byggevarer

2,659,901

2,751,121

3.4 %

1.7 %

Møbler og elektro

3,768,125

3,790,700

0.6 %

0.0 %

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Meir handel i utlandet

Ei anna trend som kjem fram av analysen er at me bruker meir pengar i utlandet. Frå 2010 til 2013 har konsumet i utlandet auka med meir enn 30 prosent.

– Dermed kan ein også venta at nordmenn tar med seg nye impulsar og forventningar heim, dette påverkar forventningane til den heimlege varehandelen, står det i rapporten.

Varekonsumet innanlands har auka med fem prosent i same periode.