NRK Meny
Normal

Brukar offshoreteknologi for å undersøkje Rogfast-fjellet

Vanleg teknologi dug ikkje når fjellet rundt verdas lengste undersjøiske vegtunnel skal undersøkjast.

Før Rogfast kan gravast ut og byggjast må fjellet under Boknafjorden undersøkjast. Det lågaste punktet i tunnelen skal ligge om lag 385 meter under havoverflata, og tilsvarande djupn under fjorden må då undersøkjast.

For å klara det tek Statens vegvesen i bruk offshoreteknologi frå Island Offshore og Baker Hughes. Det er første gang kjerneboring frå skip er gjort i samband med bygging av vegtunnel.

– Vi kan ikkje nytte vanlege metodar for å sjekke grunntilhøva når fjorden er så djup og lang som Boknafjorden. Vi når ikkje dei svake sonene med tradisjonelle metodar. Difor bruker vi VTT Maritime, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Tor Geir Espedal

Prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

– Må vita kva fjellet inneheld

Fire hol på mellom 290 og 400 meter under havoverflata skal borast. Prøvane frå det første holet inneheldt mykje glimmerskifer. Når alle prøvane er klare startar analysearbeidet på laboratoriet, og ei ekspertgruppe skal vurdera dei.

– I eit prosjekt til 13,8 milliardar kroner må vi ha kontroll på kva vi møter i djupet. VTT Maritime AS hentar opp kjernar frå det djupaste punktet i den planlagde tunneltraseen mellom Kvitsøy og Bokn. Vi treng å verifisere kva for bergartar tunnelen skal gjennom og kva dei svake sonene inneheld. Det er fornuftig å bruke pengar for å få meir kunnskap i den fasen vi er i no, seier Espedal.

Kontrakten med VTT Maritime er verdt 65 millionar kroner. Underleverandørane Island Offshore og Baker Hughes står for kjerneboringa frå fartøyet «Island Performer». I to og ei halv veke har dei tilsette på «Island Performer» jobba i Boknafjorden.

Kjerneprøver av Rogfast-grunnen Island Performer

Fartøyet «Island Performer» tek prøvar frå Rogfast-fjellet, oppimot 400 meter over havoverflata.

Foto: Bjørn Egil Gilje/Statens vegvesen