NRK Meny
Normal

– Av og til føler du for å slå nokon i fjeset

Slik oppsummerer Henrik Ingebriktsen innandørs EM i friidrett. Trass i ein bronse og to norgesrekordar.

Sommer OL i London 2012

Henrik Ingebrigtsen har denne helga teke EM-bronse på 3000-meter og ein sjetteplass på 1500-meter. Bilete er frå OL i London 2012.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I går blei han nummer tre og sette ny norsk rekord på 3000-meter, i dag blei han nummer seks og sette nok ein ny norsk rekord på 1500-meter. Likevel er han ikkje nøgd med prestasjonane sine under innandørs EM i friidrett i Praha. I alle fall ikkje om ein skal tru på meldinga han har lagt ut på nettstaden Instagram.

Her skriv han på engelsk at han er skuffa over å berre sitja att med den verste medaljane du kan få, i tillegg til to halvanstendige norske rekordar.

Nå er ikkje Ingebrigtsen kjent for å spara på verken krut eller humor i utsegna sine, men målsetjingane før meisterskapet var skyhøge. Så at mannen som tidlegare har teke EM-gull på 1500-meteren var skuffa etter dagens prestasjon er lett å forstå.

– Du vinn nokre og du taper nokre og av og til føler du berre for å slå nokon i fjeset, skriv han på kontoen sin. Til TV4 sa han etter finaleløpet at det blei brukt mykje armar og bein, men at det var vanskelig å sei kva det hadde å sei for han.

Han legg til at han kjenner seg topp motivert for årets sesong, og at han satsar på å slå fleire rekordar.

Ingebrigtsen sin Instagram-profil

Skjermdump frå Instagram.

Foto: Instagram