Hopp til innhold

Slik opna ONS i 1992

Sjå video frå 1992 – då ONS blei arrangert i Stavanger for 10. gong. På opninga spelte The September When på ein spesialbygd scene over Breiavatnet.

Sjå video frå 1992 - då oljemessa i Stavanger, ONS, feira 10-årsjubileum. På opninga spelte «The September When» på ein spesialbygd scene over Breiavatnet.

►ROGALAND RETRO: Heile TV-Rogaland var via til ONS sitt jubileum 26. august 1992. OBS! Heile innslaget varer i 24 minutt.

I 1992 blei ONS i Stavanger arrangert for 10. gong, noko som blei feira med stor ståhei. Messa starta opp i 1974, og har sidan blitt arrangert kvart andre år.

Årets messe er ein ny mindre utgåve av oljemessa, som heiter ONS Norway, denne blir frå og med i år arrangert dei åra det ikkje er internasjonal ONS-messe.

Opninga i 1992 skjedde midt i sentrum på ein spesialbygga scene over Breiavatnet. Her spelte The September When saman med Stavanger Symfoniorkester.

NRK Rogaland hadde ei heil TV-sending proppa med ONS-stoff. I Rogaland retro-innslaget får du heile sendinga på 24 minutt. Her er både historie, humor og det som i 1992 var aktualitetsstoff innan oljesektoren.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK