Hopp til innhold

Her må varene i «karantenehotell»

STAVANGER (NRK): Det er avgrensa kunnskap om kor lenge koronaviruset overlever på ein gjenstand. På bruktbutikkane gjer dei likevel sitt for å unngå smitte.

Karantenebur

FRETEX: I desse bura står varene i karantene.

Foto: Marte Endal / NRK

– Det som toler maskinvask blir vaska, resten hamnar i karantene, seier butikkleiar for Fretex på Mariero, Sofie Hjertvik.

Sofie Hjertvik

Sofie Hjertvik: – Vi set varene i ein todagars karantene for å vere sikker på at varene ikkje har smitte på seg.

Foto: Marte Endal / NRK

Her kjem kundar dagleg inn med alt frå lamper til barneleikar, som butikken skal selje vidare.

Under pandemien har dei set seg nøydd til å utvikle eit enkelt system for å ta vare på best mogleg smittevern.

Avgrensa kunnskap om indirekte smitte

– Når folk kjem med varer blir det sette i eit bur, og når det har fylt seg opp, datomerkjer vi det. Når buret har stått ut karantenetida si på to dagar, er varene smittefri og klare for å bli sett ut i butikken, seier Hjertvik.

Kjedeleiar for Fretex-butikkane, Kristin Hareide, fortel at dei har brukt FHI sine sider for å finne ut kor lenge smitten kan vare på ulike overflater.

Dei lèt tekstila stå i ein 24-timars karantene, medan dei andre varene står i 48 timar. Resten vaskar dei i maskin.

Varer som har vært i karantene

FRETEX: Alle desse varene har vore i karantene.

Foto: Marte Endal / NRK

– Vi er opptekne av spriting, vasking, desinfisering og bruk av munnbind. Vi vil sørgje for at alle føler seg trygge i butikkane, både kundar og tilsette, seier Hareide.

Det er framleis avgrensa kunnskap om evna viruset har til å overleve på gjenstandar og korleis dette kan føre til sjukdom via indirekte kontakt.

– Det blir anteke at risikoen for indirekte kontaktsmitte via gjenstandar er størst i kort tid etter ei eventuell overføring av smittestoff til gjenstanden. Deretter fell risikoen raskt, forklarer seniorrådgivar for FHI, Mette Fagernes.

Reidun Bakkane

GJENBRUKEN til NM: Reidun Bakkane er glad for at dei kan halde ope denne tida.

Foto: Marte Endal / NRK

Bøker i karantene

I butikken til NMS Gjenbruk ved Kilden kjøpesenter i Stavanger, har dei eit anna karantenesystem. Der er det berre bøkene som må i karantene. Resten vaskar dei grundig.

– Vi tek imot dei varene som går an å vaske og reingjere, og så får vi inn mykje bøker. Dei set vi i karantene inne på eit rom, og der har vi ein som tek seg av dei og gjer dei klar til å setjast ut i biblioteket vårt, seier dagleg leiar Reidun Bakkane.

Karantenerom

GJENBRUKEN til NM: Dette er karantenerommet av bøkene.

Foto: Marte Endal / NRK

Kø utanfor

Det er ikkje berre karantenetida av varene som må til for at det skal kjennast trygt i butikkane.

– Vi passar på at det er god avstand mellom folk, at alle har på seg munnbind og at dei spritar hendene når dei kjem inn. Dersom det kjem nokon som ikkje har munnbind, så deler vi ut, seier Bakkane.

Både NMS Gjenbruk og Fretex passar på kor mange som er inne i butikkane samtidig.

– Viss det er fullt må vi stille oss i døra for å seie at dei må vente litt før dei får komme inn. Vi har ofte kundar som står ute i kø, og det er jo eigentleg heilt fantastisk, seier Hjertvik.