NRK Meny
Normal

Slik finn du NRK Rogaland på TV

Altibox endrar kanalrekkefølga i dag. Det betyr at NRK1 Rogaland og Rogaland 24 blir å finna på andre kanalar.

Inger Johanne Stenberg

Frå og med i dag blir NRK1 med tv-sendinga til NRK Rogaland å finna på kanal 147 for Altibox-kundar. Rogaland 24 er flytta til kanal 20. Bilete er frå gårsdagens tv-sending med programleiar Inger Johanne Stenberg.

Foto: NRK Rogaland

NRK1 med tv-sendinga til NRK Rogaland ligg nå på kanal 147 for Altibox-kundar.

Kanalen finn du lettast ved å bla deg bakover i kanalmenyen. Altibox har plassert alle lokale kanalar her.

Rogaland 24, der NRK Rogaland si lokalsending blir sendt både direkte og i reprise, er flytta til kanal 20.

Avdelingsleiar for TV i Altibox, Svein Aronsen, forklarer endringane slik:

– Me har oppgradert alle tv-kanalane me kan til høgast mogleg bilet- og lydkvalitet, til det me kallar HD. Når me gjer det må me skifta litt på rekkefølga på kanallista vår, seier han.

Ragnar Christensen om "Safari i Lysløypa"

Ragnar Christensen, distriktsredaktør i NRK Rogaland.

Foto: NRK

Distriktsredaktør i NRK Rogaland, Ragnar Christensen, seier folk må leita litt med det nye systemet, men tilrår alle tv-sjåarar å programmera NRK1 Rogaland og Rogaland 24 på dei kanalane som passar best.

– I tillegg vil eg oppfordra alle som slit med å finna fram om å ta kontakt med sin tv-tilbydar, anten det er Altibox eller andre. I tillegg kan folk finna vår tv-sending på internett.

NRK nett tv kan du sjå vår tv-sending når det passar best (sendingane blir lagt ut etter vår direktesending klokka 18.45 og 20.55).

– På PC, mobil og nettbrett kan folk sjå vårt tv-tilbod når som helst, og den siste tida har NRK lansert fleire appar for Smart-TV, seier distriktsredaktør Christensen.

Kundar av Riks-TV, Canal Digital og Get finn NRK Rogaland sitt tilbod som før.