Slik feira rogalendingane nasjonaldagen

Ei litt annleis 17. mai-feiring. Grisevêr og korona hindra likevel ikkje rogalendingane i å feire nasjonaldagen.

Fra båtparaden 17. mai

Den store båtkonvoien frå Sandnes og Stavanger syner at bunad passar over alt, også i båten.

Foto: Anett Johansen Espeland

Bilkortesjar, båtkonvoi, fjellturar, eigne 17. mai-tog og heile Noreg syng nasjonalsongen saman.

Det vart ikkje ei slik feiring vi er vane med på nasjonaldagen.

Men ei feiring vi kanskje kjem til å hugse ekstra godt?

Båtkonvoi i Sandnes og Stavanger

Både frå Sandnes og Stavanger vart det arrangert båtkonvoi.

Like før klokka eitt kunne dei som hadde møtt opp ved Stavanger Konserthus høyre salutten med 21 skot.

Rett etter song heile Noreg «Ja vi elskar».

Fellessong av Ja vi elskar frå Vindmøllebakken bukollektiv i Stavanger (med hjelp av Stavanger Studentsangforening)

Så bar det ut på sjøen. Og trass grisevêr var det mange som feira nasjonaldagen til sjøs.

Fra båtparaden 17. mai

Med bunad i båten

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK
Båtkonvoi Stavanger

Mange hundre båtar deltok i konvoien.

Foto: Håkon Vårhus Sagen
En av de hundrevis av båter som deltok i båtparaden mellom Sandnes og Stavanger

Festpynta båt frå konvoien

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Konvoien frå Stavanger seglde ut Byfjorden, langs bysida til Kalhammaren, Tasta og Dusavik. Ved Møkster kai på Tastasjøen var det korpsmusikk.

Så fortsette seglturen til Hundvåg, Langøy, og Roaldsøy.

Ved Pinå samla konvoien som gjekk frå Stavanger og Sandnes seg for ein felles konvoi mot Tau scene og Lervig brygge. Her møttest veteranskip, brannbåten «Nøkk» og ei rad fritidsbåtar i ulik storleik.

Veteranskipene Gamle Rogaland og Sandnes møttes sammen med brannbåten Nøkk.

Veteranskipa Gamle Rogaland og Sandnes møttest saman med brannbåten Nøkk

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK
Båtfolket hilser med flagg og brjørkegreiner

Båtfolket helser

Foto: Anett JOhansen Espeland / NRK

I Sveio var det veteranbilkortesje.

Veterankortesje i Sveio

Veterankortesje i Sveio

Foto: Tor Andre Johannessen
Veterankortesje i Sveio

Veterankortesje i Sveio

Foto: Tor Andre Johannessen

Andre valde å feira dagen ute i naturen.

Elise Hoff (10 år) på Dalsnuten i regn og vind :-)

Elise Hoff (10) feira 17. mai på Dalsnuten i regn og vind

Foto: Gunvor Hoff
17. mai-feiring Vassfjellet

17. mai-feiring på Vassfjellet, Vatne.

Foto: Lisa Gilje Pedersen
Tippi i finsk bunad på Dalva, Nedstrand

Tippi i finsk bunad på Dalva, Nedstrand

Foto: Ingrid Verum Larsen
Fra Surdalsåsen i Hovsherad

Fra Surdalsåsen i Hovsherad

Foto: Elin Moi