Slik får biltjuvane ein enkel jobb – nå åtvarar politiet

STAVANGER (NRK): Biltjuvane veit at folk ofte legg bilnøkkelen frå seg godt synleg i gangen. Etter fleire biltjuveri i Stavanger ber politiet folk gøyma vekk nøkkelen.

Bilnøkkel

BILNØKKEL I GANGEN?: Politiet ber folk tenka seg om kor dei legg frå seg bilnøklane. Godt synlege nøklar i inngangspartiet blir ikkje tilrådd.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dei hadde ein ting i sikte, og det var å finna bilnøkkelen. Dei var veldig målretta, for dei tok ingen andre ting enn bilen, seier Sigvart Østrem.

Midt på natta braut biltjuvane seg inn i huset ved å knusa ei rute i terrassedøra.

Derfrå gjekk vegen til knaggrekkja i gangen ved inngangsdøra. Der hang som vanleg bilnøklane på sin faste plass.

Sigvart Østrem

Sigvart Østrem parkerer bilen sin rett utanfor huset sitt på Byhaugen i Stavanger. Ei helg i oktober var bilen borte vekk.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me var tre personar i huset. Eg og kona, og eit barnebarn. Ingen av oss merka noko før me stod opp om morgonen, seier pensjonisten.

Stal bilnøklane som låg i ei skuff

NRK har vore i kontakt med fleire i nabolaget til Østrem på Byhaugen i Stavanger som har opplevd liknande biltjuveri.

Ein av dei er Dag Øyvind Sanner. Berre nokre veker før Østrem vakna han opp til at altandøra stod open. Kort tid etterpå oppdaga han at BMW-en var borte.

Bilnøklane hadde lege i ei skuff i huset.

Bilen til Sanner

Bilen til Dag Øyvind Sanner, ein BMW X6, krasja etter at biltjuvar stakk av med den 5. september.

Foto: Privat

– Det er ein bil i tomillionarsklassa. Den blei kondemnert med skader for over 600.000 kroner, seier Sanner.

Biltjuveribølge i Stavanger

Politiet i Stavanger har dei siste månadane fått fleire meldingar om biltjuveri på nettene, særleg i område nær sentrum. Tjuvane går etter alle type bilmerke og biltypar. Nokre saker er oppklarte, andre ikkje.

Felles for dei fleste sakene er at biltjuvane finn ulåste husdører og går etter lett tilgjengeleg bilnøklar rett innføre døra.

Bilen til Sigvart Østrem

Slik såg bilen til Sigvart Østrem ut, ein Ford Grand C-MAX, etter at biltjuvane hadde vore på ferde. Bilen blei heilt utbrent. Kven som står bak er uvisst. Politiet har nemleg lagt vekk saka.

Foto: Privat

Politiet ber nå folk tenka gjennom kor dei legg frå seg bilnøklane.

– Mi oppmoding er å finna ein plass som er lett tilgjengeleg for deg sjølv, men som ikkje er rett i synet for dei som tar seg inn i gangen, seier leiar for etterretning og etterforskingsseksjonen ved Stavanger politistasjon, Trond Atle Bjelland.

Åtvarar mot avlytting

Også forsikringsbransjen er godt kjent med såkalla nøkkeltjuveri av bilar.

Ifølge det største forsikringsselskapet i Norden, If, er skuffen i gangen den første plassen biltjuvane leitar.

– Du bør finna ein betre gøymestad enn det. Dei moderne bilnøklane kan også avlyttast. Derfor bør du oppbevara nøkkelen på ein lur plass, som ein metallboks. Då er du heilt sikker, seier informasjonssjef Sigmund Clementz.

Sigmund Clementz, informasjonssjef i If forsikring

Informasjonssjef i If, Sigmund Clementz.

Foto: Kilian Munch / Kilian Munch

Bilen til Sigvart Østrem i Stavanger blei funnen heilt utbrent. Nå blir det både ny bil og ny terrassedør.

Men bilnøklane er han ikkje sikker på om han skal fjerna frå den faste plassen på knaggrekkja i gangen.

– Eg vil helst ikkje ha innbrotstjuvar inn på soverommet med spørsmål om eg kan gi frå meg nøkkelen. Då får dei heller henga i gangen. Eg har ikkje heilt bestemt meg ennå.

Innbrotet i huset til Østrem skjedde natt til laurdag 17. oktober. Fire vyrkedagar etterpå melder politiet at dei har lagt vekk saka. I brevet til Østrem skriv dei at «det ikke er fremkommet tilstrekkelige opplysninger til å identifisere gjerningsmannen.»