Slik blir nye Haugesund stadion

FK Haugesund ville ha ein nøktern stadion då dei skulle bygga nytt. Her er resultatet som skal stå klart i løpet av neste sesong.

Nikola Djurdjic

Nikola Djurdjic er ein av spelarane som har gjort at Haugesund stadion er ein frykta arena for bortelaga.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

I dag presenterte klubbleiinga i FKH, saman med kommunen, den nye stadionet til eliteserielaget.

I løpet av 2013 sesongen skal det bli plass til 2500 fleire tilskodarar, i tillegg til at anlegget blir oppgradert med meir moderne fasilitetar.

Klar i 2013

Dagleg leiar i FK Haugesund, Asle Skjærstad, seier til NRK.no etter presentasjonen at han er svært nøgd med resultatet.

– Me er glade for at me endeleg har noko å visa fram, og for at me har fått endelege datoar å forholda oss til, seier Skjærstad.

Prislappen er på om lag 160 millionar kroner og målet er at stadion skal vera på plass 30. september 2013. Men allereie med sesongstart neste år kjem dei kvite og blå til å spela på ei ny og flytta grasmatte.

– Nå jobbar me med å få tak i midlertidige tribunar i nord og sør slik at me kan få godt med besøk medan bygginga går føre seg, seier den daglege leiaren.

Årsaka til dette er at kapasiteten blir redusert under byggearbeidet.

2500 nye seter

Når heile anlegget er klart veil det vera 2500 nye sitjeplassar der 150 er VIP-sete, det vil vera 26 plassar for skrivande journalistar, 12 plassar for rørslehemma i rullestol med følgje.

Den nye stadion vil dermed ta om lag 7700 tilskodarar.

Den nye tribunen får alle sportslege fasilitetar som garderobar, dopingrom og liknande, i andre etasje kjem kontorareal for FKH og samarbeidspartnarane.

Meir om Haugesund stadion:

–Nøkternt

Då klubben informerte pressa om at pengane til prosjektet var på plass tidlegare i år, understrekte dei at klubben ville ha ein nøktern stadion.

– Me skal ikkje ha ein «fancy» stadion, den må vera nøktern og funksjonell, sa Arne Christian Mohn, som representerer kommunen i selskapet HKFKH AS.

Det er Link Arkitektur som står bak utforminga av den nye stadion, og det var entreprenørselskapet Kruse Smith og Vassbakk & Stol som skal stå bak byggearbeidet.

FK Haugesund har nå spelt tre sesongar samanhengane i eliteserien.

Haugesund stadion

Slik ser Haugesund stadion ut i dag.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK