Hopp til innhold

Slik blir «nye» Sand sentrum sjåande ut

Etter åtte års planarbeid er det nå endeleg klart for å oppgradera sentrumsområdet på Sand i Suldal. 25 millionar kroner blir brukt på å fornya torget og bryggeområdet i suldalshovudstaden.

Torget Sand
Foto: Landskapsfabrikken

– Det har vore ein veldig lang prosess å komma der me er i dag. Derfor er det veldig godt å koma i gang, fortel ein engasjert utbyggingssjef i Suldal kommune, Lauritz Lauritzen.

Nå me besøker Sand denne regntunge dagen, er Statens vegvesen godt i gang med å fjerna den gamle ferjekaien, som blei lagt ned då Sandsfjord bru opna mot slutten av 2015. Snart er Suldal kommune i full gang med sin jobb.

Kaipromenade i tre

Kvite granittheller på bakken på torget, grøne lunger, benker og kaipromenade i tre er stikkord for «nye» Sand sentrum.

– Dette gjer me for å gjera Sand sentrum meir attraktivt, særleg nå som ferja har slutta å gå og hovudvegen går utanom Sand sentrum. Me ønsker å ha noko å tilby tilreisande og trekkja folk ned til sentrum, seier Lauritzen.

Marit Larsen er både sentrumsleiar på Sand og prosjektleiar i Suldal vekst. Ho er blant dei som har venta lenge på sentrumsprosjektet som skal vera i mål til jul.

– Me vil få kassaapparata i gang i sentrum og grendene rundt. Me skal bli attraktive mellom Trolltunga og Preikestolen og me skal få ei stor attraktivitetskraft med dette løftet.

Marit Larsen og Lauritz Lauritzen

Marit Larsen og Lauritz Lauritzen studerer planane for Sand sentrum

Foto: Magnus Stokka / NRK

Torget stengt i byggeperioden

Sjølve torget blir stengt for trafikk i byggeperioden, men det blir lagt til rette for alternative parkeringsplassar og gangvegar i sentrum gjennom heile prosessen.

– Er målet at Sand skal bli ein by med dette prosjektet, Lauritzen?

– Ikkje by, men eit koseleg sentrum i Indre Ryfylke, smiler ein stolt utbyggingssjef.

Suldal kommune har signert avtale med entreprenør Aakerholt Steen og Lund AS for å gjennomføra prosjektet. BG Suldal er underleverandør og har fått arbeidet med grunn og betong, medan Ryfylke Elektro skal ta seg av elektroarbeidet.

Dette blir byggetrinn 1. Suldal kommune har nemleg større planar for Sand.

Sand

Slik ser Sand sentrum ut i dag.

Foto: Magnus Stokka / NRK