Hopp til innhold

Slik blei han proffboksar

Sjå reportasjen frå 1989 – der ein ung Ole «Lukkøye» Klemetsen fortel om draumane sine, og korleis han skal trena for å nå dei. TV-innslaget var det første som blei sendt i NRK om boksing.

Sjå reportasjen frå 1989 - der ein ung Ole Klemetsen fortel om draumane sine, og korleis han trenar for å nå dei.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt i TV-Rogaland 29. mars 1989, og blei laga av John Skien og Arne Brommeland.

– Eg vil bli best mogleg. Eg ønsker å bli med i junior-VM i år, OL i Barcelona i 1992 og kanskje proff dersom det går bra i OL, seier ein ung Ole Klemetsen til NRK-reporter John Skien, i ein av dei første TV-reportasjane som blei laga om Stavanger-boksaren.

Første boksereportasjen på TV

Tre år seinare var alle desse måla innfridde og meir til. Han fekk også VM-bronse og EM-bronse i lett mellomvekt 1991. I 1992 var Ole "Lukkøye" Klemetsen proff. Ei karriere som heldt fram til 2001, då hadde han vunne 45 proffkampar av 51.

I Rogaland retro innslaget møter me Ole mellom anna på trening saman med faren John «Big John» Klemetsen, som døydde i 2008.

Det var det første bokseinnslaget som blei sendt i norsk fjernsyn, og måtte godkjennast på øvste hald av fungerande kringkastingssjef Olav Nilsen.

Denne veka blei det klart at Ole gjer comeback i bokseringen showkampen mot Alexander Ullenes Hagen frå Flekkefjord.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK