Hopp til innhold

Slepp ikkje unna debatt om samanslåing

Fylkesmannen lar ikkje Bokn og Tysvær sleppe unna. Sjølv om dei seier nei til å vera med og diskutera kommunegrensene på Haugalandet, så må kommunane granske seg sjølve, seier Meltveit Kleppa.

Magnhild Meltveit Kleppa

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa lar ikkje Bokn og Tysvær sleppe unna

Foto: Foto Øystein Ellingsen

Kommunesamanslåingsmøtet for Haugalands-og Ryfylkekommunane i går, enda med at Bokn og Tysvær sa nei til å vera med og greie ut framtidige kommunegrenser.

Kyrre Lindanger

Kyrre Lindanger er Ap-ordførar i Bokn

Foto: Thomas Halleland/NRK

Ordføraren i Bokn kommune, Kyrre Lindanger, fryktar at ei slik utgreiing vil konkludere med at det beste er ein storkommune på Haugalandet, som blir styrt av Haugesund og Karmøy.

– Det er regjeringa dette handlar om. Me skal gjere ein skikkeleg prosess, men me vil ikkje la oss bli pressa inn i eit slikt samarbeid, seier han.

Må undersøkje seg sjølve

Fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa, er klar på at Bokn og Tysvær likevel må undersøkje det tenestetilbodet dei gir til innbyggjarane sine.

– Politikarane i dei to kommunane må også sjå om det er eit best mogeleg tilbod dei gir, eller om det kan bli betre dersom kommunen blir utvida, seier Meltveit Kleppa.

(Artikkelen fortsetter under kartet.)

Tysvær og Bokn trekk seg frå forprosjekt

Ho understrekar at det er politisk fleirtal på Stortinget for at dette må gjerast i alle kommunar i Norge.

Aldri i lag med Karmøy og Haugesund

Ordførarane i kommunane Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal, var også skeptiske til å vera med i ei utgreiing om kommunegrenser på Haugalandet og i indre Ryfylke.

Torkel Myklebust

Torkel Myklebust er Sp-ordførar i Suldal

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me kjem aldri til å gå inn i ein kommune med Haugesund og Karmøy, lovar Torkel Myklebust, som er Sp-ordførar i Suldal.

Likevel vel han og dei andre ordførarane i den gruppa å bli med vidare, for å kunne ha «ei hand på rattet», som dei seier.

Forprosjekt ferdig 1. februar

Dei fire «inste» kommunane på Haugalandet og i Ryfylke, blir med Sveio, Karmøy og Haugesund inn i eit forprosjekt. Først skal dei greie ut kva tenestetilbod dei gir innbyggjarane og om det kan bli betre i ein større kommune. Deretter skal dei sjå på kva som skjer med lokaldemokratiet og til sist skal dei sjå på kva kommunen bidrar med i det som blir kalla «samfunnsutviklingsrolla» den har. Svaret skal vera klart innan den 1. februar 2015.