Hopp til innhold

Slepp forvaring

Høgsterett tok ei avgjerd i dag som kan skape diskusjon.   Fire valdtekter er ikkje nok til å få forvaringsdom.

Odd Rune Torstrup

22 åringen er glad for å slippe forvaring, sier forsvarer, Odd Rune Torstrup.

Ein 22 år gammal mann frå Haugesund blei dømd til  fem års fengsel for fire valdtekter.  Det bestemte Høgsterett onsdag. 

I tillegg må mannen betala 450 000 kroner i oppreising til kvinnene.

Men han slepp å bli dømd til forvaring, slik lagmannsretten gjekk inn for. 

Låg alder og at han tidlegare har vore ustraffa, har tald til hans fordel.

 

22 åringen blei tatt av politiet i januar i år.  Den siste valdtekta han er dømd for skjedde i desember 2005. Før det gjennomførte han også tre andre valdtekter og eitt tilfelle av beføling.

Letta og glad

- Nå kan han planlegga eit liv framover, seier forsvararen hans, Odd Rune Torstrup.

- Klienten min såg for seg at han kunne bli sitjande i forvaring resten av livet.  Nå veit han at når dommen på fem år er ferdigsona, så kan han byrja på nytt. 

- Han er veldig letta og veldig glad nå, seier Torstrup