Slått på nattklubb

Ein 26 år gamal mann måtte hentast av ambulanse etter at han blei slått på ein nattklubb i Stavanger i natt. Politiet melder at mannen hadde to kutt i hovudet og at det skal ha vore to gjerningspersonar. Ingen er teken etter valdshendinga.