NRK Meny

SLÅSTKAMPAR I STAVANGER:

Politiet måtte i natt rykka ut til puben på Universitetet i Stavanger, der ein full mann (23) hadde sparka ein gjest og bite ein annan. Seinare på natta måtte politiet ut til nok ein slåstkamp, denne gong på byterminalen. Her måtte ein mann (26) takast hand om av ambulanse, etter å ha fått bank av fire unge menn. Alle fire blei tekne med inn til arresten.