Hopp til innhold

Slår alarm om helikopter-beredskap

Oljefagforbundet Safe meiner det får dramatiske konsekvensar for beredskapen på norsk sokkel når alle Super Puma-helikoptera nå blir sett på bakken.

Roy Erling Furre

Nestleiar og HMS-ansvarleg i Safe, Roy Erling Furre, meiner det må store omprioriteringar til få halda helikopterberedskapen oppe på norsk sokkel.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det er Luftfartstilsynet som har bestemt at også Super Puma-helikoptera som blir brukt til søk- og redningsoppdrag på sokkelen nå skal setjast på bakken.

Kort tid etter helikopterstyrten ved Turøy, blei denne helikoptertypen tatt ut av passasjertransport i Norge og Storbritannia.

Bakgrunnen for dei nye innstrammingane er foreløpige funn frå Statens havarikommisjon for transport som viser ein sprekk i det siste trinnet på girboksen.

– Eg er glad for at avgjerda er gjort etter eit føre var-prinsipp. Samtidig skaper det dramatiske konsekvensar for beredskapen på sokkelen når alle Super Puma-helikopter nå blir sett på bakken. Nå må ein plutseleg omdisponera ressursane, seier nestleiar og HMS-ansvarleg i Safe, Roy Erling Furre.

– Må gjera store omprioriteringar

Søk- og redningshelikoptera er ifølge Furre heilt nødvendige dersom det skjer medisinsk evakuering eller ulukker på norsk sokkel.

– Nå må ein flytta på alt frå fartøy til andre helikoptertenester for å få kabalen til å gå opp, og slik at ein møter industrien sin eigne krav til beredskap. Her er det store omprioriteringar som må gjerast.

Furre har tru på at oljeindustrien vil klara dette, men at det krev tiltak og at det blir skaffa reservehelikopter.

Super Puma

Dei fleste Supe Puma-helikoptera blir nå sett på bakken, også søk- og redningshelikopter.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kartlegg alternativ

På ein pressebrief på Heliporten på Sola onsdag, stadfesta administrerande direktør Arne Roland at dei har sett tre av sine Super Puma av typen EC225 på bakken. Dette er helikopter som er brukt som beredskap på norsk sokkel.

– Statoil og andre selskap set i verk tiltak for å kompensera helikoptera som nå er sett på bakken. Me kartlegg om det finst alternativ for desse tre maskinane, i tillegg til pilotar og teknikarar, sa Roland på pressebrieften.

Han seier det blir jobba med både kortsiktige og langsiktige løysingar.

– Me følgjer direktiva som blir lagt og må vera førebudde på at det kan ta tid før me får endelege konklusjonar. Me må også vera førebudde på at det kan ta tid før dei tre helikoptera kan bli sett i beredskap igjen.

CHC Helikopter Service om skjerpa reglar

Administrerande direktør i CHC Helikopter Service, Arne Roland, om skjerpa helikopterreglar.

Rosar Havarikommisjonen

CHC-direktøren rosar Havarikommisjonen for god framdrift i arbeidet med å finna årsaka til helikopterstyrten ved Turøy, og seier dei har «meget god tillit» til arbeid som blir gjort.

På spørsmål frå NRK om dei burde oppdaga utmattingssprekken på girboksen på ulukkeshelikopteret, svarer direktøren at deira folk ikkje har tilgang til denne delen på helikopteret, og at dei ikkje gjer noko service her.

– Me held fram arbeidet vårt i tett samarbeid med våre kundar. Unntaket er helikoptertypen som er tatt ut. Beredskapen på norsk sokkel blir halden oppe.