Hopp til innhold

Slaktar politiet etter innbrotsraid

Nå går fire litauarar fri, sjølv om dei blei tekne med store mengder tjuvegods. Jusprofessor Alf Petter Høgberg meiner Rogaland politidistrikt har gjort ein for dårleg jobb.

MX Sport Varhaug etter innbruddet

Slik såg det ut på MX Sport Varhaug etter eitt innbrot i desember 2014. Mykje av tjuvegodset blei funne hos litauarane som nå er frifunne.

Foto: Privat

Onsdag kunne NRK melda at fire litauarar i Jæren tingrett blei frifunne for fleire grove tjuveri, trass i at dei blei tekne med store mengder tjuvegods. I dag har politiet avgjort at dei ikkje ankar saka.

– Me har gjort ei grundig vurdering, og nå har me avgjort at me tar dommen til etterretning og det blir ikkje anke, seier Stenevik til NRK.no.

– Meir borgarvern

Harald Lode er dagleg leiar for MX Sport på Varhaug og Nærbø, som blei råka av to innbrot som litauarane var tiltalte for. Dei blei tekne med mykje tjuvegods frå butikken hans.

Nå trur han folk mister tiltru til politiet, og i større grad tar lova i eigne hender.

– Eg blei veldig skuffa då eg fekk beskjeden om at politiet ikkje anker. Dette fører nok til at det kjem fleire vinningskriminelle til landet, og det blir nok meir borgarvern, for det kan sjå ut til at det er det einaste som nyttar, seier Harald Lode.

Harald Lode

VIDEO: Harald Lode, dagleg leiar for MX Sport på Varhaug og Nærbø, trur folk i større grad vil ta lova i eigne hender.

Dette forstår jussprofessor Alf Petter Høgberg ved Universitetet i Oslo. Han kjem med krass kritikk etter dommen nå er rettskraftig.

– Det er i aller høgste grad forståeleg at han trur det blir meir borgarvern når påtale og retten ikkje bruker dei heimlane dei har til å straffe dei som er skuldige, seier Høgberg.

– Det har blitt gjort ein feil

Samla meinte politiadvokaten at dei fire mennene frå Litauen skulda Tryg Forsikring 1,3 millionar kroner, og dei hadde solide prov som stamma frå fleire innbrot som hadde vore i området i slutten av 2014.

Så gode prov hadde dei at Alf Petter Høgberg meiner litauarane nå burde vore på veg til fengsel og ikkje fridom.

– Her har påtaleavdelinga hos politiet gjort ein feil då dei tok ut tiltalen. Mykje kan tyda på at dei ikkje har erfaring med å ta ut tiltale i denne type saker, seier Høgberg.

Kunne vore dømde for medverknad

Han meiner problemet er at politiet har hatt fokus på å få dei dømt for sjølve innbrota, noko som kan vera vanskeleg å føra prov for. Han meiner at straffelova si paragraf for heleri og kvitvasking (§317) skulle vore med i tiltalen.

– Dei skulle vore tiltalt for grovt tjuveri eller medverknad til grovt tjuveri og kvitvasking av utbytte frå eigne straffbare handlingar. Subsidiært skulle dei vore tiltalt for kvitvasking av utbytte frå andre sine straffbare handlingar. Då ville dei neppe gått fri, og dei hadde fått like streng straff, seier han.

Han stiller seg også undrande til at politiet ikkje ankar saka.