NRK Meny
Normal

Slaktar alle husdyr

207 husdyr på ein gard i Time på Jæren blir slakta ned i dag, etter at det har blitt påvist Salmonella.

Det salmonellasmitta gardsbruket ligg i Time kommune på Jæren

På dette gardsbruket i Time på Jæren blir alle storfe og svin slakta

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Salmonellasmitten på garden blei oppdaga 15. juni i år.  Då var 26 kalvar daude.

I dag tidleg klokka 5,  blei 207 dyr henta på garden og sendt til spesialslakting. 

Det er alle storfe og svin som nå blir slakta.

- Dette er nødvendig for å redusera smittefaren, seier Odd Ivar Berget i Mattilsynet.

- Smittepresset i dette husdyrhaldet er så stort at det er reell fare for at det kan smitte til andre dyr og folk,  og også til ville dyr og fuglar.

Det seier Odd Ivar Berget i Mattilsynet for Midt-Rogaland.

Ikkje tid til medisinering

 

Var det ikkje mogeleg å behandla desse dyra medisinsk?

- Det er mogeleg.  Men det er så mykje medisinar som må gies over lang tid.  I dette tilfelle blei det sett på som ein betre måte å slakta ned alle storfe og svin, seier Berget.

Storvask

Nå blir garden i Time tømt for dyr, den blir vaska og desinfisert og  deretter kan husdyr setjast inn igjen. 

Sauene på garden blir ikkje slakta.  Dei blir sendt på fjellbeite, fordi det ikkje er oppdaga salmonellasmitte hos dei.

Sanitetsslakting

Slakteriet utfører ein såkalla "Sanitetsslakting" av storfe og svin frå garden. Det betyr at alle dyra blir testa for salmonellasmitte.  Dette for å hindra at det kan koma smitta kjøt ut på marknaden.

Inga løysing på smitteårsaka

Ein daud, salmonellasmitta kalv blir obdusert

Ein daud, salmonellasmitta kalv blir obdusert

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

-

Årsaka til at nettopp denne buskapen har fått salmonellasmitte, er ikkje klar ennå, seier Odd Ivar Berget i Mattilsynet Midt-Rogaland.

- Men det er påvist salmonella i avføring frå villfugl i tilknytning til garden.  Det kan vera ein innfallsport, men det er langt frå sikkert at det er årsaka, seier Berget.