Ulykka har ført til den skarpaste kritikken mot eit operatørselskap på norsk sokkel nokonsinne, blant anna frå Oljedirektoratet.
I granskingsrapporten kritiserer Norsk Hydro sine eigne tryggleiksresultat som har ei negativ utvikling. Fleire hundre tilsette har blitt intervjua i samband med rapporten, og deira dom er klar.
Leiinga er for lite synleg og engasjerer seg berre når noko går galt.
Direktør Lars T. Bjerke seier til Aftenbladet at han er overraska over omfanget av kritikken som kjem fram i rapporten.