Hopp til innhold

Slaget om Rogaland

Dei to fotballaga frå Rogaland, som ligg best an på eliteserietabellen møtes til dyst måndag ettermiddag. Keeperen til Sandnes Ulf er råfersk.

Aslak Falch i full strekk

Sandnes Ulf sin keeper Aslak Falch i full strekk

Foto: Ragnhild Ås Harbo

Keepertalentet Aslak Falch, blei 20 år på fredag. Sist helg heldt han buret reint og blei kåra til beste spelar i kampen mot Sogndal, noko som førte til at Sandnes Ulf fekk med seg eitt bortepoeng.

Aslak Falch i cupkamp mot Staal

Aslak Falch i cupkamp mot Staal

Foto: Ragnhild Ås Harbo

Det var hans første kamp på eliteserienivå. Den faste keeperen, Bo Andersen, blei dømt til to kampars karantene, etter at han trefte ansiktet til ein Odd-spelar med knottane på støvelen, den 16. mai.

Følg kampen her

Derfor er det Falch som står i mål i sin første heimekamp på Sandnes stadion, mot FK Haugesund, måndag ettermiddag klokka 18.

– Eg har aldri vore så klar før, seier han til nettsida til Sandnes Ulf.

Trenaren støttar Aslak

Sandnes Ulf-trenar, Asle Andersen, meiner nå han har eit luksusproblem.

– Me har to solide karar i mål, med Bo Andersen som har spelt seg varm i trøya, og Aslak som imponerte mot Sogndal. Nå må Aslak gjenskape den magien mot Haugesund, og det har eg trua på at han gjer, seier trenaren.

– Og gjer han det, blir det ein tøff keeperduell etter ferien, spår Andersen.

Skader og karantenar

Hos Sandnes Ulf er som nemnt keeper Bo Andersen i karantene. Heller ikkje spissen Tommy Høiland kan spela på grunn av ein strekkskade. FK Haugesund må på si side klare seg utan Geir Ludvig Fevang (karantene) og Tor Arne Andreassen (skade).

Stoda framfor kampen

FK Haugesund ligg på 3. plass før oppgjeret med 20 poeng. Sandnes Ulf er på 9. plass med 14 poeng.

Ifølgje nettsida til FKH har laga møtt kvarandre fire gonger før i seriesamanheng, to gonger i 2. div. i 2005 då begge oppgjera enda uavgjort. Og to gonger i 1. div. i 2008 då FK Haugesund vann begge kampane.

Alexander Søderlund

Alexander Søderlund etter eitt av sine sju mål denne sesongen

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Toppskårar for FK Haugesund er Nikola Djurdjic og Alexander Søderlund, med sju mål kvar. For Sandnes Ulf er det Aksel Berget Skjølsvik som er på skåringstoppen.

FK Haugesund har nå spelt 10 kampar på rad i eliteserien utan tap. Laget har heller ikkje sleppt inn mål dei tre siste bortekampane.