Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- VIDEO: Fritz Røed lager skulpturpark til Bryne Av: Einar Haukaas og Tom Edvindsen (Windows Media 1,57 min)
Mange kjenner nok "Sverd i fjell" i Hafrsfjord som er Røed sitt mest monumentale verk.
Her skal skulpturparken ligge
Heilt sidan " Sverd i fjell" blei avduka av kong Olav i 1983 har folk valfarta til Hafrsfjord. Frå neste sommar kan dei leggja turen til Bryne sentrum, der det langs elva skal byggjast ein skulpturpark med verk av Fritz Røed.
Torsdag fekk alle involverte partar innsyn i kva denne storslåtte kulturskatten skal innehelda, og kunstnaren sjøl har ei klar oppfatning av kva dette prosjektet bør bli eller ikkje bli: - Det skal ikkje bli ein sigersallé eller eit Vigelands-anlegg langs elva, seier kunstnaren, men ein 8-10 skulpturar i større og mindre format som føyer seg inn i miljøet.
Ordførar i Time, Arnfinn Vigrestad, seier at parken skal vera på plass i løpet av 2004 og skal ha ein prislapp på rundt 2 millionar kroner. - Så det er ingen grunn til at me ikkje skal greie det, seier han.
Og etter alle lovorda i dag frå økonomiske støtte-spelararer, er det liten tvil om at Time om kort tid vil stå fram som ein av dei store kulturkommunane her i landet.