Hopp til innhold

Skulpturen som har stått her i 46 år er fjerna

Kunstmiljøet i Stavanger vart rasande då kunstforeininga snakka om å selja sin mest verdifulle skulptur. No er den fjerna, og blir truleg seld i juni.

Skulpturen er fjerna
Foto: Einar Espeland / NRK

Skulpturen av Barbara Hepworth utanfor Kunsthallen i Stavanger er fjerna.

– Skulpturen skal gjerast klar for sal og er overtatt av auksjonshuset, seier styreleiar i Stavanger kunstforeining Eirik Moe.

Kunstforeininga vil selja unna ein Barbara Hepworth-skulptur frå 60-talet, for å få pengar til drift av kunsthallen sin i Madlaveien i Stavanger. Skulpturen «Figure for landscape» har stått på plenen utanfor kunstforeininga sitt hus sidan november 1968.

– Stavanger kunstforeining treng pengar til drift av Kunsthallen, og har bestemt seg for å selja skulpturen. Avgjerda er tatt, seier Moe.

Stavanger kunstforeining møter kraftig motstand fordi dei ønsker å selje det mange meiner er den mest verdifulle skulpturen i byen.

Opprør mot skulptursalg

ARKIVVIDEO: Kunstekspertar karakteriserer kunstverket som eit ikon og ein juvel, men Stavanger kunstforeining vil likevel selje den. Foto: Erik Waage/NRK.

Men at den plutseleg er blitt vekke over natta er ikkje eit resultat av stormen av kritiske røyster mot Kunstforeininga dei siste dagane, fortel Moe.

– At det skjer no er eit resultat av tida det har tatt å behandla det i kommunen, og me har også ein veldig anstrengt økonomi. Me har fått pålegg om å oppgradera blant anna det elektriske anlegget, men kassa er omtrent tom. Ved å overlata den til auksjonshuset no, så blir den truleg med på ein auksjon allereie i juni, seier han.

Avviser kortsiktig løysing

Dei håpar å få inn mange millionar for skulpturen. I fjor gjekk ein anna skulptur av Barbara Hepworth, som både er mindre kjend og mindre i størrelse, under hammaren på auksjon. Den vart seld for 24 millionar kroner.

– Er ikkje dette ei litt kortsiktig løysing?

– Nei, nei, på ingen måte! Dette er ei langsiktig løysing, og me har forventingar om at me skal få ein god pris for den. Med dei pengane me får inn så skal styret laga ein langsiktig og forretningsmessig forsvarleg forvaltningsplan. Då skal bygget tilbake i den standen det skal vera, og planen skal sikra føreseielegheit i framtida, seier Moe.

Om alt går etter planen skal skulpturen vera med på ein auksjon i juni.

"Figure of landscape" er vekke

TOM SOKKEL: Berre sokkelen står att på plenen utanfor Stavanger Kunsthall.

Foto: Einar Espeland / NRK

Både lokale og nasjonale kunstnarar og kunstekspertar har ikkje vore nådige i ordelaga dei siste dagane. «Galskap»,« tragisk» og «historielaust» er orda som er blitt brukt. Moe forstår reaksjonane godt.

– Eg deler dei same kjenslene for skulpturen. Eg er også lei meg for at me ikkje fann ei anna løysing, men kunstforeininga har jobba i mange år for å finna ein måte å ta hand om bygget på og sikra forsvarleg drift.

– Av og til må ein gjera vanskelege val, og her hadde me valet mellom å selja bygget og leggja ned drifta, eller selja skulpturen. Etter ein grundig prosess valde eit samrøystes styre å selja skulpturen, seier han.

– Ikkje frekt

– Er det ikkje litt frekt å ta den ned no når det har storma slik rundt denne saka?

– Dette er ikkje frekt. Me har varsla, sendt ut pressemeldingar, skrive lesarbrev og vore med i debatten, der me har vore heilt tydelege på at dette er ei avgjerd styret har tatt. Tidspunktet kjem av at me har venta lenge og at det er ein frist me må forholda oss til, seier Moe.

– Forsvinn litt av identiteten til bygget no?

– Både ja og nei. Sjølve identiteten til bygget er det karakteristiske utsjånaden bygget har.

Skulptur, Figure of landscape

46 ÅR SIDAN: Slik såg det ut då skulpturen vart avduka i 1968.