Hopp til innhold

Skulle spele eliteseriefotball neste år – kan ende i 3. divisjon

BRYNE (NRK): Det gamle storlaget Bryne FK laga i 2016 ein femårsplan der hovudmålet var å spele i Eliteserien i 2020. No ser «Jærens superlag» nedrykksspøkelset i kvitauge – til nivå fire i norsk fotball.

Bryne Fotball

NEDTUR: Årets sesong kan bli eit førebels botnpunkt i Bryne si 93 år gamle historie. Neste år kan klubben ende med å spele på nivå fire i norsk fotball. (Arkivfoto)

Foto: Carina Johansen / Scanpix

Dei vart lenge omtalte som mønsterbruket på Jæren. Så rykte Bryne ned frå førstedivisjon i 2016, etter 45 sesongar samanhengande i dei to øvste divisjonane.

Sidan den gongen har alle piler peika nedover.

– Det er ikkje mykje igjen av «Jærens superlag» no. Eg hadde aldri trudd vi skulle hamne i ein slik situasjon. No vaknar eg midt på natta og kjenner det stikk i magen. Då er det noko gale, seier Gabriel Høyland, også kjent som «Mister Bryne» med 596 kampar for klubben.

No lyser dei raude lampane på Bryne stadion før skjebnekampen i andredivisjon mot bydelsklubben Nardo frå Trondheim i morgon.

– Bryne har aldri vore så dårlege som dei er no. Vi er midt i driten, og det viser tabellen òg. I morgon må vi vinne, for vi kan ikkje utsetje poengfangsten meir no.

Gabriel Høyland

«MISTER BRYNE»: Gabriel Høyland meiner spelarane ikkje har levert godt nok på banen i år. – Hadde dei vore fantastiske, så hadde vi ikkje vore i denne situasjonen. Uff. Vi får berre håpe, sjølv om håp ikkje er eit ord som skal brukast i idrettssamanheng. Laget har litt av ein jobb føre seg no, seier han.

Foto: Arild Eskeland / NRk

Femårsplanen som gjekk i vasken

For i 2016 la klubben ein slagplan for å nå toppen i norsk fotball igjen. På fem år skulle klubben vere etablert i det gjævaste selskapet, Eliteserien.

I år skulle dei rykke opp. Samtidig skulle stadion rustast opp.

Ikkje noko har slått til.

Odd Jan Hansen

KLAR FOR KAMP: – Eg håper at dei held seg, seier Bryne-supporter Odd Jan Hansen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Før spelte Bryne god fotball, men det gjer dei ikkje lenger. Eg veit ikkje kva som har skjedd, seier Bryne-supporter Sveinung Lindheim.

I gamle dagar gjekk «alle» på Bryne stadion. I haust har mellom 7–800 møtt opp på kampane.

– Eg har ikkje vore på ein einaste kamp i år, men i morgon skal eg, seier Odd Jan Hansen.

– Korleis trur du det går?

– Eg håper dei vinn, men det går vel som det pleier. Altså at dei taper, svarer han.

Supporter tør ikkje gå på kamp

Til no i år har jærlaget tapt tolv seriekampar. For at det ikkje skal bli til 13 i morgon, held supporter Tore Djuve seg heime.

– Eg gjekk fast på stadion tidlegare, men no har eg slutta. Kvar gong eg gjekk på kamp så tapte dei, men når eg vart heime vann dei, fortel han.

Sveinung Lindheim og Tore Djuve

BLIR HEIME: Sveinung Lindheim og Tore Djuve har ingen planar om å gå på Bryne stadion søndag. Men dei to håper i det lengste at Bryne skal få med seg alle tre poenga.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Etter 23 av 26 kampar i årets sesong, ligg Bryne på ellevte plass i andredivisjon. Berre tre poeng over streken. Naboklubben, FK Vidar frå Stavanger, ligg på den siste nedrykksplassen, berre tre poeng bak «Jærens superlag».

– Frå laget vi stilte i første serierunde, var det berre fire mann som starta sist kamp. Vi har vore veldig uheldige med mange skadar. Det har vorte altfor mange byte på laget i år, innrømmer trenaren til laget, Jan Halvor Halvorsen.

«Veslebror» kan sende Bryne ned

Luka Bryne har til nedrykkskollegaene kan bli ete opp om dei ikkje tar poeng på heimebane mot Nardo. Og etter det har Bryne eit vesentleg vanskelegare program enn Vidar, som er vane med å kjempe med ryggen mot veggen.

– Vi har framleis styring på dette sjølv, men no må vi komme på vinnarsporet. I morgon lovar eg elleve spelarar med masse energi, utan høge skuldrer, som skal vere offensive og angripe kampen.

Jan Halvor Halvorsen

GOD TRENINGSVEKE: Den rutinerte trenaren, Jan Halvor Halvorsen, kan fortelje om ei god veke på treningsfeltet. – Vi har jobba godt. Fått inn masse energi i gruppa og ufarleggjort den situasjonen vi er i, fortel han.

Foto: Arild Eskeland / NRK

I Bryne sine to siste seriekampar møter dei Levanger på bortebane og rivalen Egersunds IK heime. På bortebane er Bryne det dårlegaste laget i ligaen. Og skulle EIK ha sjansen til å sende Bryne ned i siste serierunde, vil dei gjere alt for å sende «storebror» ned til nivå fire.

– Det største skrekkscenarioet er at EIK sender oss ned. Den blir ikkje god å svelgje, avsluttar «Mister Bryne», Gabriel Høyland.