Hopp til innhold

Skulle kjøpa nattegodt

Politiet i Haugesund blei litt øvegidde då dei møtte to jenter på sykkel i halvtre-tida i sentrum, i natt. Dei to 14-åringane hadde sykla langt og forklaringa var at dei skulle kjøpa smågodt. Politiet kontakta foreldra som kom og henta jentene.