– Intensjonane frå kyrkja er nok berre gode, men dette blir feil, seier skulesjef i Hå kommune, Rune Roaldsen.
Når ikkje dei små kunne komma til gudsteneste, laga Nærbø kyrkje det dei kalla ei julehelsing til skulane. I filmen las dei inn juleevangeliet, presten heldt ei andakt og eit barnekor song «Ei stjerne skin i natt».
Men den digitale erstatninga for årets julegudsteneste blei for sterk kost for skulesjefen i kommunen.
Julehelsinga frå Nærbø kyrkje som elevane ikkje fekk sjå.
Foto: Nærbø kyrkje/Youtube– Dette er forkynning, og bryt med dei retningslinene vi har når det gjeld skulegudstenestene, seier Roaldsen.
Sende melding til skulane
Difor sende Roaldsen ut ei klar melding til skulane på Nærbø. Filmen skal ikkje visast til elevane i klasserommet.
«Det utydeleggjer skiljet mellom skulen og kyrkja», skriv Roaldsen i meldinga som du kan lese under:
Han meiner også at videoen kjem så seint at foreldra ikkje har fått moglegheit til å vurdera om dette er noko deira born skal vera med på. Han meiner det er stor skilnad på å la dei som vil gå på gudsteneste i kyrkja gjere det, og å visa fram ein film som kyrkja har laga på skulen.
– Det er mi oppgåve å passa på at me er innanfor lovverket. Her var det vanskeleg å vita om me hadde vore på rett side, seier Roaldsen.
Rune Roaldsen er skulesjef i Hå kommune.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKReagerer
Kommunestyrerepresentant frå Hå-lista, Terje Mjåtveit reagerer sterkt på avgjerda.
– Eg synest ikkje noko om dette. Det er ikkje greitt at kyrkja ikkje får sende ei helsing til skulane. Me må ta vare på den kristne kulturarven.
Terje Mjåtveit frå Hå-lista har tidlegare vore ordførar i Hå
Foto: Mathias Oppedal / NRKHå-lista er ei bygdeliste som har ni representantar i kommunestyret. Det er den klart største politiske gruppa i Hå.
– Kjem de til å gjere noko med det?
– Det er ikkje så lett å gjere noko nå, når skulane snart tar juleferie.
Human-Etisk Forbund på Jæren støttar avgjerda som skulesjefen no har teke.
– Julehelsinga frå kyrkja er som ei filma gudsteneste, og då høyrer ikkje dette heime verken på skulen eller i klasserommet, seier Eivind Landro som er styreleiar i lokallaget.
Ordføraren: – Synd
– Eg tenkjer at ei gudsteneste digitalt på skulen vil vere tilsvarande ei gudsteneste i kyrkja. Men eg veit at dei har vurdert det annleis. Dei meiner at når ein går ut og er i kyrkja, så er det ein annan situasjon.
Ordføraren i Hå, Jonas Skrettingland (KrF), syns det er synd at det ikkje blir arrangert skulegudstenester i år. Han forstår vurderinga skulesjefen har gjort, men meiner dette kunne ha vore løyst.
– Elevane som eigentleg skulle ha besøkt kyrkja før jul kunne ha samla seg ein annan stad enn i klasserommet for å sjå filmen, seier Skrettingland.
Jonas Skrettingland (KrF) er ordførar i Hå kommune.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKMjåtveit meiner ordføraren burde vore tydelegare.
– Eg reagerer på han ikkje seier klarere ifrå.
Sokneprest Leif Inge Norland Brekke er hovudpersonen i filmen som elevane nå ikkje får sjå likevel. Dette tek han med fatning.
– Vi må ha respekt for at skulesjefen har eit anna syn på denne julehelsinga enn det me har, seier Brekke.