Hopp til innhold

Skuleprosjektet sprakk på kanten av verdsrommet

Torsdag sende 9A ved Grødem skole opp ein heliumballong til stratosfæren, og kom opp til 30.500 meters høgde før den sprakk. Sjå den fantastiske videoen her!

Grødem skole sende opp ein heliumballong med eit kamera til stratosfæren.

SJÅ VIDEOEN: Slik ser det ut når ein heliumballong sprekk 30 kilometer over Jæren.

– Tanken var at elevane skulle få ei praktisk innføring om atmosfæren og kva den består av, fordi ballongen skulle gjennom alt dette. Kva me trengde av utstyr, kva ballongen måtte tola og alt mogleg slikt, seier lærar Kjetil Knudsen.

– Verdsrommet er vanskeleg praktisk

Då 9A ved Grødem skole i Randaberg i Rogaland skulle ha om verdsrommet i naturfag, såg lærar Kjetil Knudsen etter ein moglegheit til å gjera temaet praktisk.

– Å gjera ting med verdsrommet praktisk er ikkje så enkelt, forståeleg nok, men vêrballongar går jo opp dit. Så då gjekk me i gang med ideen om å senda opp eit kamera med ballong, seier Knudsen.

– Det var litt fnising og slikt då eg presenterte opplegget. Ingen trudde på at me skulle få til noko slikt. Men det er viktig å visa elevane at me kan få til sjølv slike ting om me legg nok arbeid i det, seier han.

9A ved Grødem skole sender ballong opp til stratosfæren

READY FOR TAKE-OFF: Her gjer elevane dei siste førebuingane før ballongen vart sleppt laus.

Foto: Grødem skole

Mange utrekningar

For tre veker sidan sette dei i gong med prosjektet. Klassen vart delt inn i ulike grupper, der kvar gruppe hadde ansvar for ein del av prosjektet.

– Det må veldig mange berekningar til, som avstandar, vind, kor mykje helium ballongen skal og mykje anna. Det er naturleg bruk av matte og fysikk i dette prosjektet som elevane såg poenget med, seier Knudsen.

I går, torsdag, var dei klare til å senda opp ballongen. Med i lasta var eit lite kamera, ekstra batteri og ein telefon med GPS-sporing. Løyva frå myndigheitene var på plass, og ballongen vart sleppt av garde.

Slik er utsikta 30 kilometer over Jæren

ROOM WITH A VIEW: 30 kilometer over Jæren er utsikta upåklageleg.

Foto: Grødem skole

30.500 meter

Ballongen brukte om lag 90 minutt på å nå kanten av verdsrommet. 30.500 meter over bakken sprakk ballongen, og den vesle lastepakken byrja på turen ned att mot bakken.

– Turen ned att tok om lag 30 minutt, og pakken fekk ein fart på om lag 500 km/t i starten. Fallskjermen løyste seg ut med ein gong, men den hadde ikkje noko effekt den første stunda fordi lufttettleiken er så låg, seier Knudsen.

Dei fann kameraet på eit jorde utanfor Bryne, til alt hell verka alt som det skulle.

– Me var usikre på om teknikken kom til å halda. Opp forbi ozonlaget lurte me på om strålinga ville øydeleggja utstyret, og om batteria ville halda i minusgrader ned mot 80 kuldegrader, seier Knudsen.

– Det gjekk nok ikkje opp for elevane kva me faktisk hadde gjort, før me såg filmen i dag. Det er sjeldan dei klappar i klasserommet, men det gjorde dei i dag.

9A ved Grødem skole sender ein ballong opp i stratosfæren

KLAPPA I KLASSEROMMET: Då elevane fekk sjå videoen frå ballongferda i dag, vart det applaus i klasserommet.

Foto: Grødem skole