Hopp til innhold

Skulefri etter skulebrann

Dei eldste elevane på Skjold skule i Vindafjord slepp å møte på skulen på måndag. Dei frå 1. til 4. klasse derimot, må stilla til vanleg tid. Det gjeld også dei som skal på SFO.

Liten brann på Skjold skule

Torsdag ettermiddag tok det fyr i Skjold skule i Vindafjord

Foto: Kjell Bua

Småskuleavdelinga på Skjold skule er praktisk talt uskadd etter brannen på torsdag ettermiddag. Det slår skuleleiinga fast etter ein inspeksjon på laurdag føremiddag.

Straum- og vasstilførsla har vore eit problem, men nå ser det ut til å vera løyst. Derfor skal elevane i 1. til 4. klasse møte opp som på ein vanleg måndag morgon.

Skulebussen på morgonen kjem til å gå som vanleg på måndag, men det blir ikkje heimkøyring klokka 14.10, slik det vanlegvis skjer.

Ingen skule på måndag for dei eldste elevane

Når det gjeld 5. til 10. klasse er klasseromma deira i dårlegare tilstand etter brannen.

Det har blitt arbeidd for å skaffe alternative lokale, og det ser nå ut til å løysa seg. Desse elevane skal først møta på tysdag morgon.

Tøffe tider

Skuleleiinga skriv elles at dei treng tid komande veke for å få skulekvardagen heilt på plass igjen.

I løpet av helga kjem eit rehabiliterings- og reinhaldsselskap til å arbeida for at mest mogeleg av skulen kan takast i bruk på måndag.

Det er elles den delen av skulen der rektor og resten av administrasjonen held til, at brannen har herja mest. Resultatet er at vatn, varme og ventilasjon er ute av drift i denne fløya.

– Akkurat nå har me verken skulemateriell eller inventar, seier rektor Berit Listog ved Skjold skule.