NRK Meny
Normal

Slik råkar uvêret på Jæren

Skular og barnehagar held stengt, Posten når ikkje fram, Vegvesenet vågar ikkje senda ut brøytemannskap på fleire vegar og mjølkebilar kjem ikkje fram til bønder, som kanskje må kasta mjølka si. Snøkaoset på Jæren held fram.

Obrestad i snø

OBRESTAD: Slik såg det ut sør på Jæren fredag føremiddag.

Foto: Even Obrestad Hægstad

Eivind Stangeland i Statens vegvesen

Det er framleis vegar det ikkje er forsvarleg å brøyta på, seier Eivind Stangeland i Vegvesenet.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Det har vore unntakstilstandar på Jæren dei siste dagane, med rekordstore snømengder.

Også i dag held mange skular og barnehagar stengt, og Vegvesenet meiner det er uforsvarleg å senda brøytemannskap ut på dei mest vêrutsette vegane.

Det får store konsekvensar for folk på Jæren.

Stengde vegar

– Det er framleis fylkesvegar på Høg-Jæren som er stengt. Årsaka til dette er at det ikkje er forsvarleg å brøyta her, seier Eivind Stangeland i Statens vegvesen.

Han seier årsaka til dette er vinden som gjer dårleg sikt.

Desse vegane er stengt:

  • Fv 45 Ålgård–Hunnedalen skilta om E39 og Tonstad.
  • Fv 201 Undheim–Bollestad
  • Fv 504 og 505 Varhaug og Undheim–Bue
  • Fv 500 Sirdal – Lysebotn, Vardeheii – Lysebotn, ved Lysebotn Dessutan

melder Statens vegvesen om store problem med FV 205 og FV 506.

Generelt er det problematiske forhold på vegane i høgda i Sandnes, Gjesdal og på Høg-Jæren, seier Eivind Stangeland i Statens vegvesen til NRK.

Han har klare råd til folk i distriktet.

– Vi oppfordrar folk til å komme seg heim og helst ikkje køyre unødig. Dei er meir eller mindre til fare for seg sjølv om deo må opp på disse plassane der det er dårleg sikt.

Dersom folk køyrer seg fast, er det viktig at dei raskt tek sine forholdsreglar.

– Da er det viktig at dei får på seg gule vester. Det har vore litt mangelvare, seier Stangeland.

Lye ungdomsskule

STENGDE SKULAR: Lys ungdomsskule er ein av fleire skular på Jæren som held stengt fredag 14. desember.

Foto: Solveig Hodne Hetland

– Verna om liv og helse

Årsaka til skular og barnehagar er stengde er store mengder snø på flate tak.

Handelslaget på Undheim

UNDHEIM I TIME KOMMUNE: Handelsslaget på Undheim fullstendig nedsnødd i går. Slike snømengder er ikkje vanleg på Jæren.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Snømengda på taket til bygga er så stor, at skulane blir stengt for å verna om liv og helse, seier Ørjan Daltveit, kommunalsjef for oppvekst i Time kommune til Jærbladet.

Desse skulane og barnehagane held stengt:

  • Lye skule
  • Rosseland skule
  • Hognestad skule
  • Kvernaland Barnehage
  • Vigre skule og barnehage

I tillegg til dei store snømengdene kan vêrforholda forverra seg utover kvelden, det er varsla full storm seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Ventar storm

Rosseland skule

Rosseland skule er stengt.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Vinden er austleg og vil byrja som kuling. Etter kvart vil den gå over til liten og full storm sør i fylket, seier han.

– Det er meldt storm fram mot laurdag, og det er det me er mest urolege for. Me må heile tida vurdera korleis me vil gjera det, og dersom det er uforsvarleg kan me ikkje halda på, seier Stangeland i Vegvesenet om kvelden og natta.

Brøytemannskap og Vegvesenet fryktar kombinasjonen mellom store snømengder og sterk vind. Det er med all mogleg grunn ifølgje meteorologen.

– På kysten i sør og på utsette plassar er det nok grunn til å vera litt uroa, seier han.

Det verste snøfallet er likevel over. Det kan koma litt nedbør i morgon som snø først, men så vil det gå over til sludd og regn på slutten.

Posten kjem ikkje fram

Også lokalavisa Jærbladet tar også konsekvensar av uvêret.

Sidan posten vil slita med å koma fram til alle postkassane delar dei ut avisa si gratis på nett.

– Fleire vegar er framleis er uframkomelege. Det betyr mellom anna at Posten ikkje greier å distribuera Jærbladet til alle abonnentane. Som eit plaster på såret blir heile Jærbladet lagt ut gratis i pdf-format frå klokka 06.00 fredag morgon, skriv redaktør Kjell Olav Stangeland på nettsidene til avis.

Også bussruter er kansellerte:

  • Rute 2 kjørast ikkje Postbakken Postveien og Varatun. Forsøkets opnast i dag ca 1130. Kjører berre via Smeaheia akkurat nå.
  • Rute 50 kjørast ikkje om Senterveien og Lyefjell.
  • Rute 22 kjørast ikkje om Knatten og Fjermestadveien.
  • Rute 59 kjørast ikkje helt til snuplass Boreringen.

Får ikkje henta mjølk

I tillegg til alt dette får ikkje Tine henta mjølk frå fleire mjølkebønder på Jæren.

– Me har tre dagars freist på å levere mjølka. Fram til i dag har det bare gått to dagar. Kjem den ikkje i morgon, må alt hellas ut, sa mjølkebonde Willy Finnbakk til Nationen torsdag.

Ansvarleg for mjølketransporten i Tine Meieri på Jæren, Kristin Vesterheim, seier at det er i området Undheim dei har størst utfordringar.

– Det er omtrent seks av våre tankbilar som prøver å henta mjølk frå dei områda med dei verste snøproblema. Normalt vil kvar av desse bilane henta fire til fem lass i løpet av ein dag, og når kvar tank rommar meir enn 15.000 liter mjølk skaper dette problem, seier Vesterheim til NTB.

Forbrukarane vil ikkje merka noko mjølkemangel i butikkane som følgje av leveringsproblema, ifølgje Vesterheim.

– Det vil vera mjølkeleveringa til osteproduksjonen som blir råka, men sjølv her vil dette ha liten effekt på kort sikt. Når me ikkje får henta mjølk på grunn av vêret, vil mjølkebøndene likevel få betalt for mjølka som må kastas, seier Vesterheim.

Det er 781 mjølkebønder på Jæren, og mange har vore ute og måka vegar i håp om at vegane skal vera køyrbare på fredag. Den største bekymringa nå er om det bles opp med kraftig vind.

Brøytemannskapene regner med å gå en tøff helg i vente

►SJÅ VIDEO: Førebur seg på meir snøkaos.