Hopp til innhold

Skulane i Haugesund kan bli mobilfrie

Formannskapet i Haugesund vil ha krav om at alle elevar sine mobiltelefonar skal vera slått av i timane.

Mobilfri skole

Elevar leverer frå seg mobiltelefonane sine før skulestart på ein skule i Kristiansand. Nå kan det også bli mobilforbod i Haugesund.

Foto: Kjell Pedersen / NRK

– Det har vore ein episode der nokon filma med mobiltelefon i dusjen. Etter dette blei det veldig strengt med mobilbruk her.

Det er Nora Solberg frå klasse 10A ved Hauge skole i Haugesund, som fortel om kvifor elevrådet for to år sidan innførte strenge mobilreglar. Reglar som ho sjølv synst er bra.

– Det er bra for elevane. Då treng me ikkje fokusera på det som er på mobilen i skulekvardagen, me har mykje anna me skal fokusera på, seier Solberg.

Sjå TV-sak om mobilforbodet:

Formannskapet i Haugesund vil ha krav om at alle elevar sine mobiltelefonar skal vera slått av i timane.

Nora Solberg er godt nøgd med mobilforbodet på Hauge skole.

– Kvar skule bør bestemma sjølv

Neste veke skal bystyret i Haugesund ta stilling til om eit liknande mobilforbod skal gjelda for alle skulane i kommunen. Formannskapet sa ja til forslaget i går.

Høgre sin gruppeleiar, Jarle Utne Reitan, meiner dette er feil og håper at utfallet blir nei når saka skal opp neste veke.

– Ein burde heller sørgja for at kvar skule fekk laga sine ordningar, og at foreldre og elevråd på den måten kan takast med på råd. På den måten styrkar me skuledemokratiet, seier Utne Reitan.

Heller ikkje alle elevar som har mobilforbod er nøgde med det.

– Det burde vore lov med mobil på skulen. Når me treng å finna informasjon om noko på Google eller noko så er det nyttig, seier Eftekhar Ahmadi.