NRK Meny
Normal

Skuffa over statens tilbod

Kravet var på 950 millionar kroner. I dag kom landbruks- og matminister Sylvi Listhaug med tilbod på 90 millionar kroner. – Eg er rett og slett skuffa, seier leiar for Rogaland bondelag, Ola Andreas Byrkjedal.

Ola Andreas Byrkjedal

Ola Andreas Byrkjedal er leiar for Rogaland bondelag. I Rogaland er det om lag 5.300 gardsbruk.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me er veldig spende på årets oppgjer, spesielt sidan det har vore så stille i forkant i år, sa bondelagsleiar i Rogaland, Ola Andreas Byrkjedal til NRK.no timar før tilbodet frå staten blei lagt fram.

Då var han ute å køyrde lort, nå har han sitte inne i stova og følgd pressekonferansen der statens forhandlingsleiar Leif Forsell, på vegner av Sylvi Listhaug, har overrekt tilbode til bøndene.

Tilbodet er på 90 millionar kroner. Noko Byrkjedal mildt sagt er misnøgd med.

– Bøndene blir hengjande etter

– Eg er rett og slett skuffa. Me hadde eit nøkternt krav på 950 millionar kroner, der me var sikra ei lønsvekst på lik linje med andre grupper i arbeidslivet, som er stortinget sin intensjon. Tilbodet frå staten gjer at me blir hengjande etter med omtrent 10.000 kroner per årsverk, seier Byrkjedal.

Han er bondelagsleiar i fylket som står for mellom 18 og 30 prosent av egg- og mjølkeproduksjonen i landet og ti prosent av alt jordbruksarealet ligg her. Mange er storbønder, og har ikkje vore spesielt kritiske til den nye regjeringa sin landbrukspolitikk, men det er også mange bønder som driv smått og mellomstort.

Dette er eit hån mot norske matprodusentar...

Nils Melbøe

– Eg kan ikkje sjå at dette tilbodet legg opp til styrking av små- og mellomstore bruk, som er heilt avgjerande for å halda oppe matproduksjonen i heile landet, seier han.

Rogaland Bonde- og småbrukarlag meiner regjeringa no legg opp til ei konfliktlinje med bøndene.

– Vi ser på dette tilbodet som eit hån mot norske matprodusentar, og kan ikkje sjå at det finst grunnlag for å gå inn i forhandlingar basert på tilbodet, seiar leiar for bondeorganisasjonen i Rogaland, Nils Melbøe.

Pelsdyrsjefen er skuffa

Bertran Trane Skadsem

Bertran Trane Skadsem er styreleiar i Noregs Pelsdyralslag, han er overraska og skuffa over tilbodet frå staten.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

I tilbodet frå staten ligg det inne kraftige kutt til pelsdyrnæringa, noko som overraska leiar i Noregs pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem.

– Ut frå det eg kjenner til så langt er eg både skuffa og overraska over tilbodet. Nå må me setja oss inn i kva det eigentleg handlar om, men så langt er eg skuffa, sa Skadsem til NRK like etter tilbodet blei presentert.

Pelsdyroppdrettarane får i år 17,8 millionar kroner i tilskot til frakt av for. Det tilskotet er foreslått fjerna i det tilbodet som staten tysdag leverte bøndene. Støtta til avløysarordninga på nær 14 millionar kroner blir føreslått vidareført.

Framstegspartiet har programfesta at partiet ønskjer å fjerne støtta til pelsdyroppdrett i Noreg, medan Senterpartiet og KrF ønskjer å behalde støtta. Høgre seier ikkje noko om pels i sitt program, og blant stortingsrepresentantane til partiet er meiningane delte.

Arbeidarpartiet ønskjer ei styrt avvikling av næringa.