Rogaland Kollektivtransport føreslår å kutta ut Jelsa, og heller ta med Nedstrand i den nye tidlegruta som skal gjera det lettare å dagpendla til Stavanger.
Ordførar i Suldal, Torkel Myklebust, er skuffa over forandringane i planane.
– Me er svært lite glade for dette. Me har kjempa lenge for å få denne pendlarruta på plass, slik at det skal vera mogleg å bu i Suldal, og jobba i byen. Då er det avgjerande for oss at me får med oss Jelsa.